Barnaverk er inkje Manns Verk

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

So som ein ropar til Fjellet, so svarar det. Naar Leiken er best, skal ein vara seg.

Det var eingong at litle Gunnar, som berre var fjore Aar gamall, var einsaman i Stova. Han kraup daa upp aa Dragkista og vilde taka ned Trehesten sin. Yver Dragkista hekk den store Spegelen paa Veggen. Gunnar saag i Spegelen, og der saag han ein liten Gut, som stod og starade paa honom. Gunnar log; Guten log ogso. Detta tykte Gunnar vel um, vittade med Handi aat Guten og sagde: "Kom hit, so skal du faa rida paa Hesten min." Guten i Spegelen vittade og med Handi. Gunnar riste paa Hovudet og sagde: "Du lyt koma hit; eg kjem inkje til deg." Guten riste ogso paa Hovudet. Detta likade inkje Gunnar og saag illsleg paa honom. Guten gjorde lika eins. Gunnar knytte Neven og trugade; det same gjorde han, som stod i Spegelen. Gunnar vardt vreid og slo med Trehesten sin etter Guten. Men au! daa foor han galet aat, for Spegelen gjekk i mange Stykkje.


Etter A. Olsens A B C og Læsebog. Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad