Der er mangt i Marki, men meir i Sjoen

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

     Paa Marki veks det Gras, Blom og Tre. Paa Aakren veks det Korn, Potetor og Næpor til Føda fyre Folk og Fe. Av Korn mel ein Mjøl; av Mjølet bakar ein Braud. Ku, Saud, Øyk og Geit eta Gras. Kui giv oss Mjølk; av Mjølki laga me Smør og Ost. Sauden giv oss Ull til Klæde. Geiti giv ogso Mjølk; av Mjølki laga me Ost og Dravle. Hesten er eit sterkt Dyr, han dreg Plogen, naar me pløgja Aakren. Med Hesten køyra me fram or Skogen Timber og Vid. I ein Hage planta dei Røter til Blomar; Røterna nytta me til Mat, Blomarne ero til Prydnad. I ein Hage finst det ogso Frukttre med Eple, Pæror, Blomor og Bær. I Skogen hogga me Timber til at byggja Hus av, og Vid til Brensl. I Skogen liva ville Dyr: Bjørn, Varg, Rev, Gaupa, Jerv elder Fjellfross og mange andre. Mange Fuglar hava ogso sin Heim i Skogen: Rjupa, Orre, Tidur, Sporv, Gauk, Svala og andre. Dei fljuga fraa Tre til Tre og syngja so vænt i Tre-toppom um Sumaren. Ørn, Ramn og Bergula hava sin Heimstad i Fjellet.
    I Sjoen liva allskyns Fiskar og andre Dyr. Der ero Kvalar so store som Hus, Haakjering, Brygda, Nisa og Kobbe. Der finst Longa, Kveita, Torsk, Brosma, Hysa, Steinbit, Seid og Flundra. Der er ein Fisk, som kann fljuga; men der er ogso mange smaae Dyr og Krek. Paa Havsbotnen veks der Sjotre og Skjeldyr; der krjupa Krosstroll, Krabbar og Humrar. Kven giv alle desse Dyr Mat? Det er Gud, som heve Umsut med deim; han klæder Blomarne paa Marki og giv Fuglarne Føda.
        Alle Ting paa Jordi er,
        skapad Gud, som hev' oss kjær,
        og alt det, han Livet gav,
        i Skog, paa Fjellet og i Hav,
        giv han visst i rette Mund
        Mat og Klæde kvar ei Stund.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.