Fivreldet

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

Ein Dag um Sumaren leikade Borni hans Olav Nes uti Hagen. Der vordo dei vare ved nokre Kaalmakkar elder Aamor, som kraup paa Kaalbladom og alt hadde etet ei Mengd med Hol paa deim. Sume Blad vaaro snaudt avetne so berre Stylkjerne stodo atter. "Kvar verda alle desse Aamorna av, naar Vetteren kjem?" spurde ho Gunnhild, vesle Gjenta. Rolv, Broder hennar, svarade: "Heve du inkje seet, at dei krjupa upp under Taket elder inn i eit Hol einkvar Stad og hengja seg der?" Nei, ho viste inkje det. "Jau," sagde han, "naar Hausten kjem, daa verda dei lika som sjuke, dei snu og leda seg paa mange Maatar og spinna ein graa Ham kringum seg, og so sova dei heile Vetteren. Naar so Vaaren kjem og det verd lytt i Vedret, so sprett det Hol paa Hamen og eit Fivrelde kjem ut og tek til at fljuga ikring." Gunnhild undradest paa, at dei væne Fivreldi vaaro komne av slike Makkar. Mange Aar deretter, daa Gunnhild var vaksi, kom ho ein Sundag det leid fram paa Vaaren upp paa Loftet; der krydde det av Fivrelde, sume vaaro grøne og sume rosutte; dei flaksade ikring Veggjerne og uppetter Glaset. Under Taket og paa Sperret burt med Rafti hekk det endaa nokre Aamor innsveipte i kvar sin Ham og graae og stygge at sjaa til. Gunnhild sette seg paa ei Kista; der sat ho ei liti Rid og saag paa Fivreldi, kor kvike dei sveiv burte i Vindaugat; sidstpaa sagde ho med seg sjølv: "Ero inkje desse smaae Dyri eit Bilæte paa Menneskjelivet? Her paa Jordi ero me som arme Makkar og Krek; naar so Enden kjem lik ein kald Haustdag, og me døya, so verda me lagde i Jordi og sova so Vettersvevnen til den store Vaardagen renn. Daa sprett den svarte Hamen og me vakna til eit nytt Liv med ein ny Likam og fljuga so paa Englavengjer upp i den ljose Himmelheimen, der alle True og Utvalde av Guds Miskunn faa gleda seg i endelause Tider."

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.