Fortale

(Føreord til Lesebok i Landsmaalet, 1869)

Av Olav Paulson

 

Solenge det danske Maalet verd brukad i all Skuleskipnaden paa Landet, kunna me inkje venta, at rett mange Lærarar vilja bruka ei Lesebok paa Landsmaalet i Skulen. Men daa me hava fenget ymse Krav fraa Landsfolket etter ei slik Bok, so tenkte me, at ei høveleg Lesebok alt no skulde vera velkomi paa Landsbygdom. Me hava gjort oss Umak med at laga denne Boki so, at ho kunde høva til Bruk fyre Smaaborni, men mest havt den Tanken med henne, at ho skulde verda til Nytte fyre den vaksne Ungdomen og til Hygge for heile Huslyden.

 

Daa sume kunna vera litet vane med at sjaa sitt eiget Maal paa Prent, vil det vera til ymis Hinder fyre Lesnaden i Fyrsta. Kvart Bokmaal heve sine Sermerkje i Uttalen og Skrivemaaten, som maa lærast. Her vilja me minna um, at Folket heve den beste Rettleidning i sin eigen Daglegtale. Det vil letta Lesnaden myket, naar dei hugsa paa detta og sjaa til at faa Bokmaalet til at samstava med den Uttalen, som dei hava heima i si eigi Bygd.

 

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. 
Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad