Høna og Andungarne

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

     Ei Kona lagde eingong Andegg under ei Høna. Høna laag trutt paa Eggi og brædde, til Ungarne komo ut. Ha tykte visst, at dei saago onnorleis ut en hennar eigne Ungar, for ho starade paa deim med myken Undring; likavel vaktade ho deim vel baade seint og tidla. Andungarne vokso til, men daa drogo dei ein Dag aat Elvi og lagde ut paa Hylen. Høna stod atter paa Elvarbarden og skrækte etter deim og syntest vera helder rædd fyre deim; men dei sumde ikring og leikade seg paa Vatnet. Daa skynade Høna, at det inkje var hennar rette Born, og ho leet deim sidan fara ut paa Elvi so myket dei vilde.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.