Jolaftan paa Kvam

(Lesestykke, 1869)

 

Av Olav Paulson

 

    Det leid ut paa Dagen Jolaftan, allting var stelt i Lag til Helgi hjaa Trond Kvam, som var ein av gjævaste Mennerne i Steinsbygdi. Vid hadde Trond sjølv hogget og lagt i Lad i Svali; Tenesteguten batt Hestarne og gav deim Mat; Budeigja viskade paa dei sidste Bondlarne aat Kryteri til Helgedagarne; ho Sigrid, Kona, var nyst komi or Fjoset, der ho hadde njosnat vel etter, um alt var lagat so som ho hadde fraasagt, og no kom ho fraa Budi med Helgedagsklædom til Mannen og Borni. So skulde ho vaska Borni og byta paa deim Helgarploggi. Eit nyt Klædeplagg hadde dei alle fenget til Jol, men det fekk ingen taka paa fyrr um Joladagsmorgonen. Ei Stund etter kom ho Sigrid inn i Stova med tvau Kjerteljos i Handi, tok dei blankskurade Stakarne fram or Skaapi og lagde ein drivande kvit Duk paa Bordet. Ho var annsam og sveiv att og fram, burt paa Budi og innatter; Ljosi vaaro daa tendrade og Mat komet paa Bordet, steikt Spikekjøt, Kakor og Lefsor og annat dilikt; Trond kom med ein Bikar full av Øl og sette fram. "Maatru kor han Ingvard liver?" tok ho Sigrid til Ords og sette seg ned paa Forsætet; "han fær inkje paa seg den nye Halskluten denne Joli." Ingvard var eldste Son deira; han var no hjaa ein Kaupmann i Byen, der han hadde voret i halvfemte Aar. Trond svarade berre med ein Sukk, tok fram or Bokskaapi Bibel og Salmebok og sette seg tagall i Høgsætet. No komo Tenesteguten, Gjentorna og Borni inn, alle i sine Helgarklæde. Borni peikade paa Bordet, logo og hoppade ikring Gjenta og foro burt til Moderi. Trond tok Samleboki og opnade henne, daa dei hadde sett seg aat Bordet, og so sungo dei "Søte Jesu, Davids Rot". Sidan las han eit Stykke av Bibelen og bad fyre seg og Huslyden. Med det same han lagde Bøkerna fraa seg og tok Bikaren med Joladrykken og skulde drikka dei andre til fyrr dei toko til at eta, høyrde dei eitkvart ruska ute i Fordyri. "Kven er det vel, som er ute og gjeng so seint i Kveld?" sagde dei med kvarandre, og den eine Gjenta reis upp og ein framand Mann, ung og raust med ei stor Kufta paa, trod inn og helsade: "God Kveld og gledeleg Høgtid." "Aanei! er det du, Ingvard, som er ute i Kveld", sagde Trond og Sigrid samstundes, og Gjentorna toko uppatter: "Ingvard? Jamen trur eg det er han!" medan Borni, som inkje kjende Broder sin, gøymde seg bak Moderi. Ein kann vita dei vordo glade yver at taka mot ein slik Gjest, og lenge drygde det inkje, fyrr Systkini kjendest ved honom. Sidan laut han setja seg innar aat Bordet og smaka paa Ølet og Jolamaten, og so bar det til med Samrøda um, korleides dei hadde livt paa ymse kvar Sida i dei Aari, han hadde voret ute. Dei hadde høyrt gjetet, at han var faren ut or Landet, at han hadde gjort eitkvart galet og meir dilikt; det var difyre inkje underlagt, um dei tykte det var tunge Tankar, daa dei fyrr um Kvelden tenkte paa Sonen. No fingo dei daa høyra, at han hadde havt godt at lida. Husbonden hans i Byen hadde sjølv skrivet ein Setel med honom heim til Foreldrom um, at han likade Guten vel og ynskte han snart vilde koma atter. Daa dei hadde etet, tok han Ingvard upp ei Ønskja or Ferdakista si, det var Leikor til Systeri og Brødrom; daa kann ein vita der vardt Leik. Systeri fekk eit Dokkehovud; det laut den eine Tenestegjenta lova at sauma Klæde aat til Nyttaarshelgi; eldste Broderen fekk ei Skrivebok med Pen og Blyant, og minste Guten fekk ei Sorphøna. Naar han sette henne i Gong og ho foor hoppande burt etter Golvet og so vesle Katten kom byksande etter og vilde fanga henne med Kloi, daa kann du tru dei logo.

    Men lang vardt Røda frametter Kvelden, for dei hadde mangt at spyrja um og fortelja paa baade Sidor. Han Ingvard hadde seet og lært myket i Byen og hadde mangt at segja fraa, som var nytt, mest fyre Borni og Gjentorna, som inkje hadde voret lenger en til Kyrkja i næraste Gjeldet og aldri hadde tenkt, at der var so myket stort og gildt lenger ute i Verdi, men helder inkje at der var so myken Vesaldom og Fantskap, som dei no fingo høyra um. Naar dei so hadde etet Kveldverd, so tok han Trond atter fram Salmeboki og Bibelen, song og las. Daa han so takkade Gud fyre Dagarne, som vaaro framfarne, og fyre Høgtidi, som var komi, og dei sidstpaa sungo: "Vaar Takk me vil frambera daa", so turkade baade dei gamle Taaror or Augom sine, men det var Gledetaaror fyre di Sonen var heimkomen.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. 
Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad