Kaupmannen og Aparne

(Lesestykke, 1869)

Av  Olav Paulson

Ein framand Kaupmann foor eingong kringum i Austindia. Solsteiken var som sterkaste og Mannen vardt trøytt. So lagde han seg under eit Tre og vilde kvila. Or ei Kista, som han hadde med seg, tok han ei Natthuva og sette paa Hovudet sitt. Han var inkje fyrr sovnad, fyrr ein Flokk Apar tok Fat paa Kista hans, reiv av Loket og tok kvar si Natthuva og sette paa seg. Daa han vaknade, saag han ei heil Horg Apar upp i Treom, alle med kvite Natthuvor paa. Han laut lægja yver detta Bisnet, men korleides skulde han faa Huvorna atter? Daa kom der ein India-Mann og han visste Raad. Kaupmannen skulde kasta ei Huva etter honom, og han etter Kaupmannen. Dei gjorde so, og daa Aparne saago detta, toko dei til at leika seg paa same Maaten upp i Trætoppom. So kastade India-Mannen Natthuva braadt aat Marki, og best som detta var, komo alle Huvorna fjukande ned fraa Treom, rett som det skulde snjoa kvite Natthuvor. Kaupmannen skundade seg og sankade Huvorna upp atter, for Aparne torde inkje koma ned.


Etter A. Olsens A B C og Læsebog. Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad