Koffi

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulsen

(Etter Berlin Naturlære)

Fyre try hundrad Aar sidan visste ingen her i Nordlondom kvat Koffi var, og no verd det øydt sjau Millioner Vaager berre i den Jordbolken, som me bu i (Europa). Koffien er vorden so aalmenn, at Koffikjetelen eimar i kvart Kot lika upp i Finnbygdom og upp paa Fjellstødlum, og mang ei Kona læt den varme Koffien brenna upp Tennerna sine, so ho er tannlaus fyrr ho vordi gomol. Det verste er, at dei giva Born Koffi, so dei verda sjuke av Bleiksott og annat ilt fyrr dei ero halvvaksne. Koffitreet voks fyrr berre i Arabia, men no er det plantat baade i Aust-India, i Vest-India og i Brasilia i Sudamerika; det verd fjore til seks Alner høgt og kvart Tre ber tri til fjore Meter Koffi. Koffitreet stend grønt heile Aaret og dei hausta det tri Gonger kvart Aar. Det heve kvite Blomar, som standa berre eit Døgers Tid og giva ein ovfin Ange fraa seg, men Bæri ero raude, og i kvart Bær er det tvo Bogner. Bæri plukka dei av og turka deim i Soli, sidan reinska dei Bognerna utor med ei Kvern. Det er mest Negertrælar, som starva med at hausta Koffien. No i Tidi bruka dei myket at blanda Koffien med Røter, serlega Sikoritot, Erter og Bygg, som dei brenna og mala i lag med Koffien til at brygja honom.


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad