Kvar si Gjerd

(Forteljing, 1869)

Av Olav Paulson

Kvar Menneskja heve fenget si Gjerd at gjera. Der er Arbeid aat alle, og den, som vil eta lyt og arbeida, for "det er Idn, som føder Mannen", segjer Ordtøket. Det er godt at ein ven seg tidlega til Verksemd og Møda, og at ein i Yngdi lærer nokot av kvart, for det er ingen, som veit, kvat Tidi krev og kvat Stand han kjem i. Eit gamalt Ord segjer: "Den, som inkje hjelper seg sjølv, kann ingen hjelpa", og er ein udugleg til Arbeid, so er det vandt at finna Hjelp. Det er og Sanning, at Yrkjeløysa er Moder til mangt illt, at det er verste Embættet at vera arbeidslaus, og at late Folk hava lange Dagar, men at triven Mann skal trivast. "Triven og tru skal lenge i Landet bu." Der er mangt slags Arbeid at driva. Der det er grisne Grender og Nybygder, lyt ein gjera allting sjølv, men i tettbygde Lond og store Byar heve kvar Mann si serlege Gjerd at driva; sume dyrka Jordi, som driva Fiskje, nokre timbra Hus, nokre hogga Timbret og køyra det fram, andre snikra Bord, Benkjer og Skaap og Innreiding i Huset; Smiden smider Laas og Lyklar, Knivar, Navrar, Øksar og annan Reiskap, Skreddaren saumar Klæde og Skomakaren Sko, Hattemakaren gjerer Vetter og Handskar; ein Skipsbyggjar byggjer Farty, Seglmakaren saumar Segli til deim, og ein Baatebyggjar byggjer Baatarne. Handelsmannen kauper og sel dei Varor, som nyttast baade til Mat og Klæde, og Sjomennerne føra til Utlondom dei Varor, som me hava at selja, og heimatter slike, som me trenga at kaupa. Embættesmenner hava ogso sitt Arbeid; soleides lyt Amtmann, Domar, Lensmann vakta yver Log og Rett, ein Lækjar hjelpa deim som er sjuke, ein Lærar giva Born og Ungmenne Kunnskap og ganleg Lærdom, ein Prest læra Folket Guds Ord og so frametter. Kvinnfolki hava og si Gjerd; dei vakta Borni og giva deim Uppal, styra Huset og røkta Fenaden. Borni kunna og arbeida; det er mangt, som dei kunna gjera. Heve du seet ein Verkstad, der dei gjera Tendstikkor? Me tenkja sjeldan yver kvat Stræv det kostar at laga ei liti Tendstikka, men mange hundrad Born ero annsame fraa Morgon til Kveld med di; sume dryfta og binda i Hop, sume duppa Stikkorna i Brennesteinskoppen, sume laga Øskjor og pakka deim inn i. Utanlands hava dei Verkstader, der dei gjera Leikor, som Born ogsaa hjelpa til med at arbeida.

Med Trott i Arbeidet heng det saman, at ein er nytten um seg og sparer der ein inkje treng um at leggja ut, for "ein Skilling, som er spard, er tvo Gonger tent", og "myket kann snart faa Ende, og litet kann vara lenge". At detta er sanne Ord sjaa me ofta Døme paa. Det er mange, som byrja med myken Rikdom, men han fær ein snar Ende, medan sume byrja med litet og verda likavel rike og megtuge Menner. Det er god Styremaate og Guds Hjelp, som gjerer det. Den vidgjetne Benjamin Franklin segjer i ei liti Bok om Vegen til Rikdom: "Nytta Tidi vel, for Tid er Pengar. Heve du Pengar, so bruk deim; det er det einaste Gagnet, du kann hava av deim."

Den, som øyder burt tvo Skilling um Dagen til Unyttes, han øyder burt seks Dalar um Aaret, elder just so myket, som det kostar (i Rentor) at laana hundrad Dalar.

Den, som daglega spiller so myket Tid, som han kunde tena tvo Skilling i, han øyder burt den Fyremunen, som han kunde havt av hundrad Dalar til Laans.

Den, som kastar burt ein halv Dalar, han kastar burt meir en eit Halvdalars Verk, for med di mistar han ogsaa all den Vinning, som han kunde havt av Halvdalaren, um han hadde brukt honom i Handverket sitt elder um han hadde sett honom paa renta.

Lat Rett og Idn vera dine stendige Fylgjesveinar, og giv alltid ein Skilling mindre ut, en du heve fenget inn. Daa vil Pengapungen snøgt taka til at svella.

Sjølvhjelpen Mann er jamgod med rikaste Mannen, for daa er Mannen fri og glad. Og difyre er det du skal arbeida.

So høyrer det og til at halda god Rekneskap yver det ein heve med Hende. "Han skal rekna, som rik vil verda", og "spara Skillingen og spilla Dalaren er ein laak Rekneskap", segjer Ordtøket. Eg heve høyrt um ein Herremann, som tykte so vel um fagre Hestar, at han eingong saag paa ein Hest, som han gjerna vilde kaupa, men som stod i tvo hundrad dalar, og det syntest han var formyket til Verd, endaa han tykte so vel um Hesten, at han tenkte: "Eg lyt kaupa honom, kvat han skal kosta." Daa Hestehandlaren vende seg og vilde ganga burt med Hesten, ropade Herremannen etter honom: "Kunna me inkje verda samde paa annan Maate daa?" "Aa jau!" sagde Handelskaren, som var ein sløg Reknemeister, "vil du giva meg ein Skilling fyre den fyrste Hesteskosaumen, tvo fyre den andre, og soleides dubbelt upp fyre dei alle fjore og tjugo, so lyt eg selja deg Gampen kor som er." Detta tykte Herremannen var eit skaplegt Verd fyre Hesten og slo til med fyrste Ordet. Han tenkte med seg, at Hestehandlaren anten var ein Gap eller Snytar, med di han fyrst sagde, at han inkje kunde selja Hesten under tvo hundrad Dalar og so selde honom fyre lite og inkje; likavel rødde Handlaren um det, at han vilde inkje verda so strid at tvinga nokon til at standa ved Kaupet. "Tregar du paa det, kann du sleppa med at bitala tvo hundrad Dalar", sagde han. Dette var Kauparen vel nøgd med; men daa det var reknat ut, kvat han skulde bitala, fekk han annat vita. Skrivarkaren spurde, kvat Greivskap han hadde kaupt, og sagde: "Pengarne, som eg vardt beden at rekna ut, verd 69,905 Dalar." "Er du galen!" sagde Herremannen og var reint forbinad; og glad var han, at han slapp med at bitala tvo hundrad Dalar fyre Hesten.


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad