Tenk fyrr du talar

(Lesestykke, 1869)

Av  Olav Paulson

Ettertanken er god, men Fyretanken er best.

Det var eingong at eit Ungmenne vardt spurt um, kvat me best kunde onvera, Soli elder Maanen. "Soli", svarade han, "for um Dagen er det no ljost likavel."

Ei liti Gjenta hadde ein Dag snutt Vranga ut paa den eine Sokken sin. Dei spurde henne, kvifyre ho gjorde so. "Jau", svarade ho, "der var eit Hol paa Retta."

Tvo Smaagutar snakkade eingong um, kor gamle dei vaaro. "Eg er aatta Aar", sagde den eine. "Og eg er tio Aar", sagde hin. "Ja so ero me um tvau Aar lika gamle", svarade den fyrste.


Etter A. Olsens A B C og Læsebog. Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad