Um Menneskja

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

Menneskja heve Likam med Hender, Føter og andre Limer; ho heve Fingrar paa Handom og Tær paa Fotom. Menneskja kann arbeida, spada, pløgja, saa, hausta, rida, køyra, rydja, byggja, mura, timbra, saga, hogga, bora, høvla, bryggja, baka, spinna, spita, veva, sauma, lesa, skriva, og myket meir. Ei Menneskja heve Sansar. Ho høyrer med Øyrom, ser med Augom, luktar med Nasom og kjenner med heile Likamen; men det finst likavel Menneskjor, som vanta ein elder annan Sans. Eg saag ein blind Mann, men han saag inkje meg; eg talade til ei dauv Gjenta, men ho høyrde inkje, kvat eg sagde; eg møtte ein dumb Gut, han kunde korkje høyra, kvat eg sagde, elder svara meg. Gud heve gjevet Menneskja Vit og Skynsemd framfyre andre Skapningar, so at ho kann tenkja ut mangt som er gagnlegt og godt, nytta Tidi vel og skipa Arbeidet sitt paa beste Maaten. Detta er gode Gaavor at takka Gud fyre, men faae skyna rett paa di.
    Vel so 400 Aar sidan rido tvo Bispar ein Dag ut paa Landet ikring Byen Konstants i Landet Baden. Daa saago dei ein Hyrding, som sat og gret attved Vegen. Den eine Bispen spurde honom, kvat han gret fyre, um det var nokot som vantade honom. Bispen tykte Synd um Guten, talade vel med honom og vilde vita, kvat Sorg det var, som tyngde honom. Daa fekk han upp Mælet og sagde: "Eg gret av di eg inkje fyrr no heve skynat paa og takkat Gud som eg skulde fyr den Velgjerdi, at han heve skapat meg til ei vitug Menneskja og inkje til eit slikt Dyr, som detta Skrukketrollet;" og dermed peikade han paa eit Skrukketroll, som kraup i Graset. Detta gjekk den godlynde Bispen til Hjartat og minte honom um, at det hjaa honom ogso vantade paa rett Lov og Takk til Gud fyre hans Miskunn, so at han skjemdest og sagde: "Det er eit sant Ord, han heve talat han Augustin, at dei einfalduge standa upp og vinna Himmelen framfyre oss lærde og kunnige, som ganga so maklega paa dei syndige og faafengde Vegjer."

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.