Um Sanning

(Lesestykke, 1869)

Av Olav Paulson

    Det er betre at lida fyre Sanning en faa Løn fyre Lygn. Sanning er beste Segni.
    Ein Dag, daa Baard Skulelærar kom paa Skulen, saag han, at ei Glasruta var suderslegi i Vindaugat paa Skulehuset. Han spurde kven som hadde gjort det. Daa stod ein Gut fram og svarade: "Eg kom til at slaa Ruta i sunder; eg veit det var galet, men du lyt orsaka meg". Og dermed tok Guten til at graata; for han tenkte: "No fer eg Stryk." Daa sagde Skulemeisteren: "Av di du sagde sant fyre meg og vedkjendest, kvat du hadde gjort, skal du sleppa fyre Refsing; men ein annan Gong maa du vara deg betre." – Lyg aldri; ser ingen annan det, so ser Gud det.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.