Or eit brev fraa 1915

(Brev, 1915)

Av Jan Prahl

 
Amsterdam, Haarlemmerdyk N 24
den 10. August 1915.

 

Herr S. Lunde,
Oslo.

 

Dykkar brev d. 1. Aug. fekk eg og las eg med stor Hugnad, serleg fyrdi dat syner, at fleire og fleire unge Menn i Noreg skyna Verdet og Vigti af Reisingi af deira Modermaal, som vel er den dyraste Arv, dei hava fenget fraa deira Fedr. Dat Stykkjet, som De var so god at senda til meg, kjende eg - for ein ung "Arbeidar" (kvifyr ikkje "Verkmann") sende meg i Vaar ein Numer af "For By og Bygd", dar Stykkjet stend prentat. Men eg tykkjer, dat er stakkarsleg litet, dat som Ant. Aure segjer um Innhaldet af den vesle Boki. [l] Ikkje eit Ord um Boki si Kjerne: dan fortjonande ("fordærvelige") Læra, at dar bu og byggja tvau (2) Folk i Noregs land, ei Læra, som fyrst vard forkynnd af meg utan Umsvøyp og utan Slødor - og ikkje heldr eit Ord um dei naudsynlege, sogolege Fylgder (historiske Consequentser) af detta brutale Factum (Vidburd, som Islendingen segjer), at dar er tvau Folk i Landet, kvart med sine eigne Ættarminne (Traditioner), dat eine Folket, dat framande, med stor Kjærleike til og Truskap mot sina danska Traditioner og mot si gamla utlendska Kultur, - dat andre Folket, dat norrøna, med nokra vesalla Leivur fraa ei gomol Kultur, men lika yver fyri Framand-Kulturi med ei "stor aalmenneleg Kjennsloløysa, som andsynlege ligg Hatet nærmare en Kjærleiken" (Ny Hungrvekja), - med andre Ord: fullkomi Togn um "mangt, som stend i dan Boki", men "som ikkje alle vilja lika", som Ivar Aasen sagde i "Dølen". Eg maa hjarteleg hlæja, nær eg ser, at Christof. Janson ikkje hever annat at segja um Boki, enn at ho er gjenomglødd af Danskehat og er skrivad paa so gomol ei Form, at einaste Folk, som kjenna Gamla-Norrøna, kunna skyna hena. [2] Nei - Danske-Hat finnst ikkje i Boki, men vel streng Kritik ella Dom; og dat er ikkje Maalformi, som gjerer Vandsken med Lestren, men dat er Tanke-Vegen som stundom er vandskeleg aa fylgja. For Boki er ikkje "ætlad til Folkebok" som Ivar Aasen segjer, men Utgreidingi er heldr "abstrakt", ordregi, og dat er just gjort med Vilje for at syna, at Maalet ogso kann brukast i hægste Stil og til Byrtingi af ordregne Hugmaal. - Aure segjer, at Maalet "hever vakset seg i heilt onnor leid", en eg tenkte meg. Ja - dat er visst, at nokre sjølvkloke, "inbildske" Stipendiatar og Maal-Pavar i Oslo hava lagat ei Maalform, som dei kyndugt og skamlaust bjoda alle Skrivarar aa bruka, og som ogso diverre onnugt verd brukat af lyduge eller uvitande Trælar (Gula Tid. og mange andre). - Vinje hever sagt: "Nordmennerne bera Trælamerket paa Tungo", og detta Trælamerkje kjem just tydelegt for Dagen i detta nya Stipendiat og Pavemaalet, som grin oss imøte utan Fagrleike og grammatikalsk Logik; medan dann Maalformi, som Ivar Aasen hever uppsett og som Henrik Krohn so meisterleg hever brukat, - ikkje at tala um Maalet i dat gamla Bokverket viser oss eit Herramaal med djup Fagrleikskjennsla og grammatikalsk Logik. - Verd dat danska Maalet raadande i Noreg, so er detta ikkje eit Trælamerke men Daudamerke; so er dat gjort med dann norrøne Tjodi i Noreg, og Namnet "Nordmenn" fyr Folket, som bur dar, er eit Lygnnamn og darmed ei Hæding af og Spott med Heilagdomen aat Sogunne. Men "veks" Maalet seg i Stipendiat ella Pave-leidi, daa kjem just Merket og Minnet um Trældom og Nedgangstidi upp i Dagen, vekjande Svivyrding og Laatt hjaa Islendingar og andre Folk, som hava haft Vit og Magt og Vilje til aa verja sina kostelegaste Eigor. Tru meg Herr Lunde! Stipendiat og Pavemaalet vil aldrig verda dat raadande i Noreg. Aldrig vil eit sannt Genie kjenna seg fullnøgd med slik Heimløysa. Dat sjaa me prov paa alt no. Menn med æsthetiska Gaavor svivyrda slik "Firn". Eg tarv einaste nemna O. Rusti; dat er som ei Røyst fraa ein hægre Heim med haag Kultur, nær han læt høyra fraa seg. Eg heve høyre getit, at dar finnst ein skrivar ella diktar dar heima, som trur um seg sjølv, at han er "ultra modern" og difyre i si Tid hædde Ivar Aasen med aa kalla han "Romantiker". "Helledud" høyr Vetlebarnet, kor klokt dat kann snakka! Nei! nokre Infinitiv paa e og nokre paa a og onnor slik Vitløysa, dat er "Klassicitet"! - Fær Noreg eingong eit Genie som Aasmund Vinje, daa vil slikt Genie skapa eit (ny)-norrønt Maal, liksom Luther skapte eit Maal for Tyskland og Dante for Italia. Eigenlege er dat alt alt gjort af Ivar Aasen. Eg maa ofta tenkja paa dann arme Bjørnson, som trude, at han skulde verda sitt Lands Luther ella Dante! Men dat vard han ikkje, og so fær han til Trøyst ei Minnestytta i Bjørgvin; og dat er jau nokot dat og! Vel, Vel, Vel!

Eg tenkjer, De no er leid af Maalprat, og eg vil difyre no svara paa Dykkar Spurdagar. - - -

Fyrr eg endar detta Brevet, vil eg segja Dykk eit Par Ord um dat Maalet som eg brukar: Som Unggut lærde eg "Bondesproget" af dei unge Menn, som Aar efter Aar tente hjaa mine Forellrar, og af Bygslemenner, som eg tidt og ofta vitjade paa dei Gardarne, som me aatte paa ymse Stader i Midthordland. Sidan møtte eg til mi Undring detta Maalet i Ivar Aasens Skrifter, nett so som eg hadde lært dat af Bønderne fraa Oster, Voss, Sogn og Sund, og enno større Undring tok meg, daa eg for fyrste Gong fann ei gomol-norrøn Bok - i eit myrkt Skaap i Gamle-Huset paa Nordnes - og las Sida upp og Sida nidr og skynade kvart Ord - dat var jau "Bondesproget". So vard eg Maalmann, og aldrig skal eg bruka Stipendiat og Pave-Maalet ella Garborg-Maalet, og paa dann veg skamfara ein Prydnad, eit Kunstverk, som dat norrøne Maalet er.

Eg takkar Dykk fyre Helsingi fraa Noreg, som stendugt hever haft og stendugt kjem til aa hava mitt Hjarta; eg bid Dykk og Dykkar Viner, at De halda traust fram med aa stydja Maalreisingi - i ei Leid til Fagrleike og Logik, at De læra dat forne norrøna Maalet so at De vilja kunna sjaa og skyna, kor ljota og vesalla dei i ollo era, dessa Umsetjingar af dei gamle Sogor, som einast geva Dykk ein Karikatur, eit Spottbilæte, ei Haamynð (som Islendingen segjer) af dann storslegne Fagrleike, som Originalen af dei gamle Skrifter byrter.

Med vinleg Heilsing [sic] til Dykk og Dykkar Viner og med Vyrdnad.

J. Prahl

 

P. s.
Christof. Janson segjer um meg, at eg havde ein sjukleg Elsk til dat gamle Bokverket. - Ja! denne same "sjuklege" Elsk heve eg og til Risarne i dat Europæiske Bokverket, som eg heve havt dann Hugnad aa kjenna. Dei vaaro kvassøygde som Ørnir og øgjelege som dei fælaste Ormar. Ikkje ein einaste var Stipendiat. Og min Elsk til desse Risar var og er lika stor som mi Svivyrding af alt Krek og Kryplingskap, som held seg standande og gangande ved Krykkjor og kjem imot os med eit Ovlæte og ei Pave-bragd - til Laatt og Løgje fyr Aaskodaren.

 

P.

 

[l] Anton Aure, "Nokre gamle maalmenner," Kria. 1915 s. 6.
[2] I "Skrifter av Henrik Krohn", Bergen 1909, s. 6. Hermt av Aure s. 4.

 


Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad