Attersyn og framsyn

(Artikkel, 1920)

Av Olav Rusti
 
Maalaren Olav Rusti døydde 2dre februar i aar. Han hadde daa vore sjuk i yver tvo aar.
    I fjor vaar skulde han ha tala paa aarsmøtet i Vestlandske maallag. Han vona i lengste laget at han skulde greida det; men helsott i drog paa, so han vann ikkje reisa seg av sjukesengi. Han skreiv daa dette attersynet og framsynet vver norsk maalreising og sende til møtet. Det vart hans siste helsing til maalmennerne. Ei helsing som syner at han like inn i livsens kveld "drøymde stort um det norske maalet".

 
Det er eit vers i Hávamál, det luar so:
 
    Kurer og sturer
     til sjoar komen
     ørn ved utgamle hav.
     So er den mann
      millom mange folk,
     som eig frendar fáe.
 
Nar eg les detta verset, kjem eg i hug dei fyrste málmennerne váre. Dei átte fáe ándelege frendar. Dei sat som ørnen ved havet med det vide utsynet. Dei drøymde stort um det norske málet.
 
Præsident Christie granskade bygdarmáli pa vestlandet ein heil mannsalder og sette upp ei norsk ordbok fyre Aasen kom med si. Jan Prahl bygde meir pá gamallnorsken og skreiv boki "Ny hungrvekja ". Henrik Krohn og Kristofer Janson skipade Vestmannalaget og gjorde byfolket kjend med málsaki. Dei gav ut tidskrift og blad og skreiv mange bøker. Dei var med og stadfeste Aasen-malet. Det same gjorde Georg Grieg, pianospelaren med det næme máløyrat. Næst etter Ivar Aasen var vel han ogso den lærdaste málmannen. Dei tok honom pá rád jamt, der det galdt á bruka fullgod norsk.
 
Dei era bymenner alle desse, og det er markande, at dei jamvel bera utlendske namn og høyra til innflutte ætter. Jamsides Ivar Aasen og Vinje og einskilde málmenner andre stader i landet, var det desse bymennerne, som gjorde upptaket til á reisa det norske málet. Det er vel verd á koma i hug, at her i gamle Bjørgvin, som er moder til so mang ei landssak, her stod ogso vogga til málsaki.
 
I 1814, dá det galdt vár ytre fridom, var det sameleides byfolk og embættesmenner, som gjekk fyre. Det er álkjend at dei bygde den nye riksskipnaden pá bondestandet. Bonden sat med den ándelege arven som skulde giva oss retten til á liva várt eiget liv som tjod.
 
Lika vel skulde det snart visa seg, at detta ikkje bar til. Dá bonden med kvart vilde bruka den magti, dei hadde etlat honom, kom det til ein lang og sár strid. Det heve voret sagt, at denne striden i sin djupaste grunn stend millom heimelegt og framandt, millom norskdom og danevelde, og at han tilsidst verd avgjord i málstriden. Det kann vera myket i detta ordet, fyrst ein tek det rett; men enda er det lika visst, at det var innflytjarfolket, me kalla, som gjorde upptaket báde til vár ytre og inre frigjering. Nár same folket sidan sette seg imot den straumen dei sjølve hadde voret med á løysa, lyt difyr detta hava sin eigen grunn.
 
Me skyna snart, at ein embættesmann med sitt sereigne syn pá landsstjorn ikkje kunde vera med, der han ság, at álmenningen skulde ráda. Nokot av det same møta me ogso, der det gjeld málsaki. Den nye læra um, at ho er ei álmenningssak, sette skilje millom dei eldste málmennerne og dei yngre. Minnet um Noregs stortid og draumen um á lyfta gamall arv var det, som gjorde, at desse, me kalla innflytjarfolk, kunde giva upp sitt eiget mál og sine ættarminne og strida fyre attarreisingi av det norske málet. Men du veit, det var ein stormannsdraum, det var "romantik", og sovoret fást nog ikkje folk med no um stunder. I váre dagar er det álmenningssynet, som ráder. Det gjeld um á fa den store mengdi med seg, segja dei. Med sjølve málet fær det heller ganga som det kann so lenge. Dei trøysta oss med, det ligg til deim, som koma etter oss, á reisa upp atter det, som no verd nedvelt.
 
Ujamn og ubein vil gjerna all framgang vera. Det viser seg ikkje minst i málsaki. Ingen trur seg helder til á kunna segja, kvar ho kjem til á hamna. Det er jamvel likt til, at læra um eit framtidsmál, ei blanding av norsk og dansk, skal vinna inngang hjá folk. I grunnen høver detta ogso vel til álmenningssynet pá málsaki. Det heve alle dagar voret so, at den store mengdi fylgjer med straumen.
 
Fulla er detta det motsette av á venda straumen, det som skulde vera fyremálet várt. Denne snarvegen, dei vilja fara med málsaki, han er nog helder ein villstig.
 
Det heve gjenget folk i blodet, at ein skal slá av og lempa seg fyrst ein vil hava framgang med nokot her i landet. Det fylgjer no eingong med ei állemannsstjorn. Lika vel er detta einsynt. Tala me um vinningen fyre folket med á reisa málet og um den livande talen, det nedervde grunnlaget fyre málsaki, dá er ho i vissa ei álmennigssak. Derimot kann ein ikkje vel segja det same um málreisingsverket fyre seg. I so máte er álmenningen sjølv det beste døme. Det vil alltid vera røysti ovan som samnar folket og som alle lyda etter. Det er einmennet som ráder i alt ándelegt liv. Flogvitet løyser ut det, som ligg bundet hjá álmenningen, og storverket át skalden fagna me som ei openberring. Di er det ogso pá hægdi av tilværet, at modermálet vinn retten til á liva jamsides andre mál.
 
Det heve visseleg voret til stor skade fyre málsaki, at ho liksom ikkje lenger var til fyre byfolk. Ho átte ikkje meir det, som kunde lokka deim. Dermed vardt ogso det norske málet i deira augo berre til eit "bondemál".
 
Pá detta grunnlaget er det liti hjelp i á trætta med motmennom váre. Dei vyrda ikkje nokon rett fyre oss til á reisa málet. Me samna ikkje folket, segja dei. Og dá er det nett det, me gjera, tru me sjølve. Det er med detta, má vita, som so ofta med tvo, som trætta. Dei hava kvar fyre seg báde rett og urett.
 
Lat oss koma i hug, at det var med Asbjørnsen og Moe og Landstad, at den nedervde norske málkunsten kom til æra atter. Store skaldar skapte pá detta grunnlaget ein ny bokheim, som skilde seg ut ifrá det serdanske; men dermed skapte dei ogso ein rett fyre det danske málet her i landet."Di hava me soga og den álmenne framgangen pá vár sida," segja motmennerne váre.
 
Til røyndar er detta kjernen av málstriden. Det er urád fyre oss, at me trøysta oss til framtidi. Me fá ingen rett pá borg, der striden stend um, kvar den eldste og best underbygde retten er á finna, hjá det norske málet elder det danske. Dermed torde det ogso vera givet, at det er samanhengen millom Nynorsk og Gamallnorsk, me skulo byggja pa. Der han kjem klárt fram, og det viser seg, at málet várt heve ein stor arv á lyfta, dá fær málreisingi magt.
 
Det er vár skamm, at me enno liggja i trætta um retten fyre málet várt. Det norske málet er det eldste av alle germanske mál, det som vardt tidlegast dyrkat. Dá Gamallnorsken stod i sin beste brage, skreiv dei endá pá latin i andre land. Dette heve gjort, at norsken, som i lange tider kom ut or bruk som skriftmál, likavel eig store fyremuner millom dei andre nærskylde máli. Det er det mest germanske báde i ordfang og ordleiding. Danemálsskaldane váre, som tøygde seg etter den gamle norske málkunsten, dei visste kvat dei gjorde. Det norske málet, det heve ei ærend millom grannemáli váre. Men difyre set det ogso store krav til oss málmenner. Duga me so ikkje til á lyfta arven etter federne váre, og taka me det helder lett med á reisa málet várt, dá segja dei med god grunn um oss, me hava ingen rett til á fara med det.
 
Diverre viser det seg altfor myket, at álmenningen ikkje læt dei store kravi galda. Millom málmenner er ordet "purist" vordet til eit slengjeord. Puristen med sine krav han styggjer folk ifrá, han er fárleg fyre málsaki, segja dei.
 
Men er det i grunnen ventande, at folket skal vera lenger komet? kann du spyrja. I mange hundrad ár hava me nordmenner livd mest á segja som ein álmuge berre. Me bera merke av det alle saman. Med alt det, at vár ytre fridom no endeleg er gjenomførd, skil det myrket [sic] pá, at me fortena namn av ándeleg friborne nordmenner.
 
Det kann etter máten vera lett nog á vinna bygdarfolket fyre málsaki. Viser det seg enn, at gamall vane og agen fyre det framande heve ei stor magt, sjá dei lika vel snart sin mun i detta, at dei kunna bruka heimemálet sitt i staden fyre dansken. Dermed velja dei det, som er minst mødasamt. Det er pá detta grunnlaget, dei era málmenner.
 
Det held seg upp atter det, som fyrr er sagt, det er berre ei halv sanning, nár dei segja, at málsaki er ei álmenningssak. Ãlmenningen heve ikkje den lærdomen elder det skynet, at han kann reisa málet sitt. Helder ikkje heve han stunderna til det.
 
I so máte er det liti hjelp i á fara etter álmenningen. Det viser seg tvertimot, at málsaki er best tent med á setja store krav og háge fyremál, for dá fær ho dei fremste ánder med seg. Dertil kjem, at bymannen, der han fær auga fyre, at ho er ei stor landssak, dá kann han giva upp den ytre fyremunen, som ligg i det á bruka danskt mál her i landet. Han skynar, det er ikkje sant, nár dei kalla det norskt. Det er ikkje eingong hans eigenlege modermál. Den norske tunga ho er sterk og syngjande og høver pá ingen máte til det danske málet. Tunga skjemmer og bryt detta málet sundt og verd sjølv utskjemd attpá.
 
Det er sogor um bergtekne, at dei høyra klangen av kyrkjeklokka. Dá finna dei vegen heimatter til bygdar. Det norske málet er ei sovori kyrkjeklokka. Men det er sant: er ikkje klangen den rette, og er han ikkje rein og klár, dá er det fáfengt á ringja. Folket finn ikkje vegen heim.
 
Detta er forbanningi med alt málfusket. Medan dansken i Danmark verd danskare med kvart, og det svenske málet jamt verd betre og reinare svenskt, gjera dei várt mál utrygt og ureint ved á lempa det etter danskt málbruk. Motmennerne váre, dei som skyna dette, vanvyrda báde oss og saki vár. Og ein bymann, som tek det álvorlegt, kann aldri verda málmann pá eit sovoret grunnlag. Han set store krav til málet. Fyre honom er berre det beste godt nog og kann vera vederlag fyre det, han som málmann laut giva upp.
 
Vestmannalaget, det eldste mállag i landet, var frá fyrste ferd eit lag av bymenner. Men det hadde til fyremál å sameina både by og land um málsak og andre sernorske hugmál. Det heve jamt voret trufast mot sin fyrste kjærleike. Dei strenge krav til málet, draumen um å lyfta gamall stormannsarv, heve det aldri givet upp. Ofta fekk dei høyra illa fyre det, det ikkje "fylgde med"; men no med kvart trur eg, folk koma etter, det heve voret framsyn i atterhaldet. Det er báredrag i all framgang og det skulde fulla vera torv til, at málmenner atter drøyma stort um det norske málet.
 
 

Frå Norsk Aarbok 1920. Utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen 1920. Side 123-128
Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.