Livet og kunsten

(Artikkel, 1905)

Av Olav Rusti

"Kunst er nokot, me vel kunna vera forutan," fekk eg høyra av ein gamall mann eingong. Det var ein álvorleg mann, som ofta talade um, at "berre eitt er turvande." "Du tek nog i mist med det du der segjer," svarade eg. "Det er helder so, at utan kunst vilde du ikkje halda ut á liva." Han ság undren pá meg. "Eg skal koma med eit døme," segjer eg dá. "Me ganga altso ut ifrá, at det ikkje finst kunst, og at det so er sundag, og du gjeng til kyrkja. Du ser dá Guds hus standande burt pá bakken, á sjá til som ein annan láve, stillaus og utan all prydnad. Du stig inn, men du ser ingi altartavla, for málarkunsten er likso ukjend som byggjekunsten. Du høyrer helder ingen salmesong, dá me ikkje hava skaldskap korkje i tonar elder ord. Det er smátt med preika ogso, for ein prest má vera nokot av ein skald og kjenna til talekunst. Eg tvilar jamvel fyre, det er ikkje nokot gudsord helder dá, for Bibelen han talar til oss i bilæte og er i mange stykke som eit veldugt kunstverk. Og som me ikkje vita av gudstenesta utan kunst, trur eg me kunne segja, at det finst ikkje tru pá Gud og eit ævelegt liv, utan det er kunst til. Kunsten er det, som lyt giva form át dei høgste tankar livet eig."

Gamlen kunde ikkje svara pá dette. Han hadde vel minst ventat, at det dyraste, han visste, her skulde vitna imot honom.
 
 

Frå Gula Tidend. 1. Aargang. Bergen, Fredag den 13. Januar 1905. Side 1. Elektronisk
utgåve 2003 ved Jon Grepstad.