Tvo fyrelesnader

(Artikkel, 1904)

Av Olav Rusti

Det er ikkje lenge sidan eg lydde pá ein fyrelesnad um det pergamonske Akropolis. Frásegni um all denne stordomen, som no er komen upp i dagen atter, det er som bod ifrá ei høgre verd, ein heim fyre gudar. "Og her ganga me med alt dette stygge ikring oss!" høyrde eg sidan ei kvinna segja. Várt liv er armt og kvardagslegt; det er det dei tykkja nokon kvar.

 

Dete giv meg høve til á nemna nokot, eg heve fengjet vita um upphavet til den græske tempelstilen. Eg fekk høyra um dette i ein heilt uventad - men difyre ikkje mindre lærerik - samanheng. Det var pá ein fyrelesnad, som vardt halden um den norske bondestova, og der talaren tilsist sagde som so: "Den rikdom pá former, som me eiga i bondestova vár, er ein skatt, som váre kunstfolk burde nøyta betre, enn dei hava gjort til denne tid. Dá kunde det henda, at me i staden fyre all denne framande stasen, me no hava ikring oss, og som gjerer livet várt armt og usannt, fekk ein heim, der me kjende oss atter. Bondestova er so gomol som soga vár. Ho er jamvel sjølv soga um norsk sed og norsk folkekunst frá dei eldste tider alt til denne dag. Me sjá, at dette mynster, som átte hevd yver heile landet, altid fyllte det stigande krav til smak og velvære. Det vardt meir og meir fullkomet. Mynstret elder typen, dei kalla, av den norske bondestova, vil dá ogso her etter eiga rom fyre framstig, kunna fylgja med tidi og taka endá høgre livsformer. Det kann her høva á minna um" - og her kjem det - "at det var den greske bondestova, som var upphavet til det græske tempel."
 

Frå Gula Tidend. 1. Aargang. Bergen, Fredag den 10. December 1904. Side 1. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad