Kivlemøyarne

(Dikt, 1885)

Av Olav Sveinsson

Det var i tronge Kivledal i Skorves bratte lid,
    der sat ein sundags morgon fin ein gong i forne tid
    tri møyar unge, fagre, smaa, med trillar-horn og lur;
    buskapen sin der gjætte dei upp med den store urd.

Men kyrkja under lidi laag og stod med taarnet fast;
    ho mange aar hev traasat traust dei drjuge gygra-kast;
    dit dølen drog med fegen hug den ljose heilag-dag,
    og høgt fraa fjellet svarad ned dei djupe klokkeslag.

 

I bjørkeskogen fuglar song, i doggi soli brann,
    og bekkjer ned av fjellet sprang og hekk som kvite band;
    og Blaamann uppi høgdi hekk med lange horn og skjegg.
    Han røynde der i nuten, han, sin spræke geitelegg.

 

Snart kom paa veg i sundags-stund han Per, den dalens klerk;
    aalvorleg inn aat kyrkjedør han steig med bok og serk,
    og klokka ringde saman ho, og folki gingo inn,
    og klerken med si heilag-bragd trod fram fraa plassen sin.

 

Daa strøymde det fraa møyarne ein slaatt so klaar og rein,
    ein ljod so fager og so saar, som gjekk til merg og bein.
    Han strøymde yver dal og vang i bjørkesusen ned -
    det dirrad, svarad, og det klang fraa berg og stein og tre.

 

Ja, tonarne dei strøymde paa, dei trillad og dei kvad,
    og mjukt og saart dei lokkad heim, dei log, dei gret, dei bad,
    dei meinte og dei manad mildt, dei hug og kjenslur batt,
    og kvar ein ting, som ljodad fyrr, han lydde og tagnad radt.

 

I kyrkja tonarne gav svar i kvart eit veggjamot,
    og kvar ei sjæl, derinne var, dei rørde i hjartarot;
    paa heilag-ord og messe-song dei miste all sin gaum,
    for alle tankar laugad seg i denne toneflaum

 

Ja som ein kvervel slaatten for og veggjemillom sveiv,
    han heile folkemugen med seg ut or kyrkja reiv.
    Men Per han etter rørd og bleik daa ut or kyrkja trod,
    paa flokken ropad faafengt han, for dei som naglad stod.

 

Daa lyfte, ram og ill i hug, si hand den klerkemann,
    og lyste desse møyar smaa i Guds og pavens bann:
    braadt høyrdest som ein toredur upp i den svarte nut;
    igjenom dalen gjekk ein sukk, og tonen døydde ut.

 

Og sidan den usæle dag dei møyar stend i stein.
    - Men skam faa denne klerke-eid, som gjorde dei slikt mein.
    Ein ser dei enn den dag i dag, med hornet sitt dei stend
    og skodar kalde fraa sitt berg utyver Kivle-grend.

 

Men slaatten, som dei tullad ut, han ljodad hjartesaar
    i dalen under Skorves nut i mange herrens aar.
    Enn leikande i dølens hug og spilemannens streng,
    i gjentesong og fløyteljod ein ljom av honom gjeng.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad