Eg sette brillene på min katt

(Barnebok, 2007, utdrag)

Tøysevers om katten
 
Eg sette brillene på min katt, san,
for at eg betre skulle kjenne´n att, san.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
 
Så tok eg brillene av min pus att,
og da tok katten seg straks ei mus att.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
 

Frå Halldis Moren Vesaas: Eg sette brillene på min katt. Det Norske Samlaget 2007 . Side 19.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.