Federne bygde

(Dikt, 1923)

Av Oddmund Vik

Federne bygde, sønene trygde
heimen som odel til ættene gav.
Gud kvelvde lufti blå yver tufti,
lyfte vår heimhug og stunding mot hav.

Federne sytte, tider dei bytte:
draumane dovne og dagsverki små,
kjempone sovna, skjoldane klovna,
tyngslone tærde, men Gud visste råd.

Norig er vunne, lukkegarn spunne, -
hovdingar reis, og kring strender vart vår.
Svevnuge pustar havvinden gustar,
bræder vel snøen og sumaren spår.

Bekkene smetter, blomane spretter,
dagen gjev syner, og natti er draum.
Måltrasten kvitrar, geislane glitrar,
vonene møtest som bekker i flaum.

Tungone talar, songane svalar,
ber våre voner. Og linda um land
mann skal med kvinna gulltråden tvinna
- alle til Norig gjev hjarta og hand.

Tonen or grunnen atter er funnen,
livnar han no båd' hjå gjenta og gut:
vengene skaka, livsyrket taka,
tegnast ved freden kring kveldraude nut!


Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 373-374. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad