Ole Bull

(Minnestykke, 1901)

Av Oddmund Vik

I. Han vinn fram

       Ole Bull var 24 aar og meister paa fela si, men reint ukjend aa kalla.
       Han var komen til Bologna. Men fyrstundes saag det smaatt ut. Ingen visste um honom, og sjølv kunde han ikkje bjoda seg fram, endaa han fulla var huga paa leiken. For han var rakande fant. Ein ven hadde laant pengar av honom, og no skulde han havt deim att, men dei kom ikkje. Ikkje var det stort aa tena heller for ein som maatte bu paa eit kalka kammers i eit ringt herbyrge for soldatar og andre folk med liten vyrdnad. Tvo skuletimar um vika til 70 øyrar, det var ikkje feitt.
       Der sat han um dagarne, svolten og ulukkeleg, med eld og glod i kropp og sjæl, medan han dikta sin a-dur-konsert, det fyrste større tonedikte hans. Og all suti gav han til fela. Ved soleglads-leite høyrdest tonarne gjenom det opne vindauga, og folk stâna og lydde; for desse tonarne skyna alle, daa som sidan. Der var svart i den tronge gata kvar kveld. Kann henda og at han hadde som ei von um at tonarne hans skulde naa dei høgre samfundslag.
       Sjølve fru Malibran og Bériot var i Bologna paa denne tid. Malibran ho song, og Bériot han spela.
       Dette gode høvet vilde det vidgjetne spelelskar-samlaget i Bologna nytta. Og det bad dei tvo venerne vera med paa ein konsert som samlaget vilde gjeva.
       Alt var tilstelt, og konserten tillyst; men kunstfolk kann vera lunute, dei. Fru Malibran fekk no vita at spelelskar-samlaget ikkje gjorde større æra paa venen hennar. Det han skulde spela var ikkje noko større. Betalingi for denne konserten var daa so fanteleg og, - berre ei "heidersgaava". Ho var tykki, og sende Bériot med avbod: ho er sjuk, og kann ikkje syngja, og Bériot hev skamfare handi, so han vinn ikkje spela.
       Det var ei leid knipa. Sellskapet hadde fulla gode folk sjølve i sitt orkester; men det hadde bode paa tvo store namn, og det var fælande leidt aa narra folk soleis. Formannen, markien av Zampiéri, var reint utav seg. Men det var sant, Bologna hadde sjølv ei vidgjeti dotter som fulla kunde syngja. Det var fru Colbran-Rossini, kona aat den store tonediktaren. Men kven skulde spela i staden for Bériot, som gjekk der med handi i fatle?
       Ole Bull hadde alt vore fjortan dagar i byen, der dei store ikkje anna gjorde enn rødde um dette. Ikkje aatte han matbiten, og arbeidde gjorde han som i sotterider, og spela til han sovna med fela um kvelden. Daa gjekk fru Rossini gjenom den vesle gata. Ho stâna og lydde etter dei løyndomsfulle tonarne. Kven kann dette vera? spurde ho. Ein ung nordlending, fortalde verten. Men slikt eit spel! Det var visst harpespel. Nei det lyt vera ei fela, sa ho, reint ei gudefela. Ho er god for baade Malibran og Bériot. Av stad til Zampiéri!
       Klokka er 10 um kvelden, og Ole Bull hev alt sove i tvo timar. Daa vaknar han; for det kakkar paa døri, og framfor sengi stend ein staseleg kar. Det er Zampiéri sjølv, den mest musikalske av alle italienske adelsmenner, namngjeten fraa Alpefjelli til synste odden i Italia. Han bad den ukjende spelemannen leika paa fela aat seg. - Jau, dette var mannen. No maatte fru Malibran gjerne hava hovudverken sin, ropa han. Bull laut upp, og fylgde med Zampiéri, fekk ikkje stunder til aa byta klæde ein gong. Han visste snaudt um han var vaken, eller han berre drøymde.
       Storteatret var fullt, og konserten var byrja for ei god stund sidan. Fru Rossini hadde nett sunge, og fagnad-rop og handklapp fyllte rome, daa formannen kom inn med den namnlause ungdomen.
       Det var glimande upplyst. For ei slik samling hadde han aldri spela fyrr. Der var adelsmenner og adelsfruor, fine gjentor og staute menner. Bériot sat med handi i fatle. Der var og sjølve storhertugen av Toscana. No kjende Bull at han var vesalt klædd; men han tenkte ikkje, berre drøymde; han var plent som oskeladden paa eventyrslottet.
       Kva skulde han spela? Han visste det ikkje, men det kom av seg sjølv. Han blinda att augo og spela seg sjølv; sine eigne tonar, ville, tunge, klagande og sutsame, si hjelpeløysa og sin tvil, si eigi sjælesott, sin eigen brand. Men so blenkte freden gjenom suti, og han fekk større magt di lenger han spela. Det vart som barnegraat, som dogg i dalar ein sumarmorgon.
       Daa han tok til aa spela, var det mange som berre bisna og log, kviskra og undrast um dette var noko aa bjoda folk.
       Men dei tagna snart; dei laut lyda. Det vart stilt som i kyrkja.
       Han kom ikkje paa aa slutta; men daa let Zampiéri teppet falla, og fagnad-rop og handklapp vilde ikkje enda.
       Men han høyrde ingenting, for han var um aa uvita. Dei leidde honom ut, og gav honom mat og drikkan, med dei inne klappa og gleddest.
       Den gode maten styrkte, og vinen kveikte honom, so han vann raada med seg sjølv att. 
       Daa han under andre helvti av konserten kom inn, skaut modet upp i honom, og han bad damorne um emne. Dei gav honom tri. Um eg spela alle tri tonestykki samstundes! tenkte han.
       Og det gjorde han. Dei høyrdest jamsides, leikande yver i kvarandre, og støypte til eitt.
       En ny storm av fagnad fylgde daa han var ferdig.
       Konserten skulde slutta med felespel; men Zampiéri visste ikkje um Bull tolde spela meir.
       "Jau, eg vil spela, eg maa spela!" sa han.
       Tridje gongen steig han fram, og med nye tonar. Han spela vaargidren og sumarfreden yver Norig, sine ljose, leikande draumar. 
       Daa han slutta, druste det med blomar og kransar fraa dei trylte kvendi. Zampiéri, Bériot og heile folkemengdi helsa den nye meisteren.

II. Han liver i segni

      Fleire og fleire vert segnerne um Ole Bull, di lenger det lid.
      Og sjølve segnerne syner at han var den folk laut verta glade i.
      I desse segnerne gjeng att fleire kjende ting fraa gamle eventyr, soleis fraa den græske segni um Orfeus. Ole Bull vert og tillagd det som elles fortelst um andre spelemenner. Soleis meisterskapen aat Paganini paa ein streng.
       Ole Bull er ikkje berre den som spelar paa alle strengjerne samstundes, men det er og han som spelar paa den eine strengen og greider seg berre med den. Ole Bull er i segnerne seg sjølv som mann, men som spelemann baade seg sjølv og Paganini.
       Og segnerne hev gjenge soleis i folk at dei vert trudde, um dei er aldri so utrulege. 
       Etter ei norsk segn kappspela han med Paganini, som greidde seg lenge. Men daa strengjerne paa fele aat Bull sprang, den eine etter den andre, og han like fullt spela paa den siste fullt so godt som hin, daa ropa aalmenningen at Bull hadde vunne, medan Paganini grein i sinne.
        I Amerika hev segni um kappspelet millom desse tvo gjenge soleis - og det skulde vera sant og, sa dei som fortalde det - :
        Det var i Paris. Paganini vart aabryen paa Ole Bull, som heldt paa og tok luven fraa honom. Daa grunda han mykje paa korleis han skulde verta den fyrste att. Jau so sa han til Bull at dei skulde dikta kvar sitt tonestykke, og so byta. Bull skulde spela Paganini sitt, og Paganini Bull sitt.
        Det var komne mange folk; for no skulde dei store røyna seg.
        Bull var yngst, og laut spela fyrst. Ja visst var det fælande vandt aa spela stykket aat Paganini; men Bull fauk igjenom det som var det barneleik for honom.
        So skulde Paganini til. Det gjekk lenge godt; men i slutten av Bull sitt stykke stâna han braatt, røynte seg paa nytt, men laut slutta att.
        Daa gjekk han burt til Ole Bull og talde fingrarne paa hans vinstre hand.
       "Det stykket spelar ikkje De heller," sa Paganini. "Den som det skal gjera, lyt hava seks fingrar paa vinstre handi."
       "Er De ikkje god til aa spela det, De daa?" spurde Bull.
       Nei, han var ikkje det.
       Ole Bull tok fela, medan aalmenningen sat og brann i stunding. Han spela, og daa han skulde turva den sette fingren, lutte han hovudet fram og sette nasetippen beint paa strengen: den underlege tonen lèt klaart og høgt gjenom salen.
       Og Paganini hadde funne meisteren sin.
       Um Ole Bulls tonedikt "Modersbøni" vart det i Amerika fortalt som full sanning denne segni:
       Ole Bull var i England. Daa fekk han høyra um ein ung ugjerningsmann som var dømd til aa verta hengd. Stakars mor hans hadde graate og tigga dronningi um naade for honom; men det hjelpte ingen ting. Ole Bull kom til aa tykkja synd baade i mor og son, og spela hennar bøn og sut for dronningi av England. Ho vart so kløkt og hugteki av denne "Modersbøni", at ho lova aa gjera sitt beste, daa Bull bad um naade for guten. Og naade fekk han.
       Etter ei segn som Johannes Haarklou fortel fraa si heimbygd paa vestlandet, berga Ole Bull ein annan gong sitt liv med spelet sitt.
       Han skulde spela for russe-keisaren. Han og keisarfrua sat paa sine trunstolar. Dei lavde av gull og glimesteinar, og deira største og gildaste folk sat ikring deim i all si brikna. Ole Bull skulde longe vare komen; men der er ingen Ole. Keisaren ventar til han vert eitrande sinna; - daa dømer han spelemannen fraa livet.
       Som domen er fallen, kjem Bull, og fær høyra kva han hev aa fegnast til.
       Det er ingenting aa segja til det; men han bed um det som ein stor naade, at han maa faa spela aat storkeisaren endaa ein gong - paa ein streng. Det laut han daa faa.
       Daa spela han so, at keisaren blidkast, tok att domen, og gav Ole Bull gull og kostesame steinar, so det var med naudi han var god-til vinna alt med seg fraa slottet.
       I ei slik segn er Ole Bull baade Orfeus og vaar norske eventyrgut "Vesle-Ola med fela" paa ein gong.
       Mange eventyr hadde han upplivt og, so det var undralaust um bilætet hans vart innringa i ei skodd av dikt.
 
[Notar:]
tykken: fornærmet
i fatle: i bind
Trylt: (af trylla): forhekse
Her: henrykt
Aabryen: jaloux
Stunding: venten, forventning
Brikna: lykke;herlighed
Longe: for længst
Fegnast: glæde sig
Spong : smalt loft, lem
 

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad