Af ei Bergensferd

(Artikkel, 1870)

Av Aasmund O. Vinje

Bergen ligg fint og lognt inne millom Fjellom, og utanfor er ein rumsam Fjord innanfor eit Slikt Kniplingsverk af Sund og Øyer og Oddar, at du paa hele denne Kniplingskysten knapt finn Maken. Han ligg so framifraa godt til denne Byen, at baade Grunnleggaren og sidan Hanseaterne viste godt det dei gjorde, daa dei slog seg ned der. Han ligg baade for Inlands- og Fjordbygdane like godt, so du med Landkortet framfyre deg paa Bordet ikke kan finna nokon Møtestad paa den heile Strekning so lagleg for alle. Solenge derfor der er Folk i desse vestlendske Dalar, og Fisk inne i alle desse Fjordar og ute paa desse Grunnar, so maa Bergen bli det naturlege Stortorg for alt dette Folket og all denne Fisken.

Ein Mann, som hadde reist ikring baad' i Nord og Sud, han sagde ein Gong, at han ingenstad hadde seet ein so liten fin By som Bergen og heller ingen so naturleg og lettvind med Tilgang fraa Sjø og til Torg og til Stræte. Eigendomleg eller original er den der inne under alle dei Bergom. Eg har ikke faret so vidt som denne Mannen, men eg meinar som han, endaa det er no ingenting makalaust. Naar du stend uppaa Fløifjellet og seer Byen liggja som eit Landkort ned under deg, so seer du, at han ligg laglegt og lettvind til, og naar du fraa Høgda paa Nordnes seer ut over den fine Fjorden, og so snur deg om og seer ikring deg og up mot Fjellom og inn gjenom Dalføret, so maa du finna at han er fin og velbygd. Det er for oss her fraa Austlandet denne ukjende Blanding af Sjøstrand og Høgfjell utan dei vanlege Millomhøgder med sine vokstrar og Utsyn. Du stend ned med Sjøen og har Høgfjellsbillætet tett fram fyre deg. Det er paa Bryggja der, liksom du skulde staa ved Bygdin eller eit annat slikt Fjellvatn so imillom 3 og 4 tusen Fot uppe og sjaa lukt inn i dei 2, 3 tusen Fot endaa hægre Fjell rundt ikring deg. Det er nokot snaudt og hardt og kaldt, men det er stort og sterkt og paa sin Vis yndefullt. Nokot framifraa for ein By er det idetmindste. Det er som du skulde vera til Sæters, men istadenfor Bøling og smaa Selshyttor, seer du Folk i store Drifter og fine Hus og Kyrkjetaarn ikring deg. Du ventar at høyre Ludt og Kulokking, og so er det Militærmusikken og Klokkeringing. Du billar deg in at koma in i eit Sel (Sæterbud) med Rader af Mjølkekollor paa Hjellom og ei fin Budeigja som gjev deg drikka, og just stupar du in i ei staut Kraambud med fine Damer i, som velja seg ut Stas, so dei verdt endaa finare.

Det er nokot forunderlegt sansevillande alt dette. Det er Synskverving eller Illlusion, liksom i Theatret, og eg fann ut, at dette maatte hava sin Inverknad paa Bergensfolkets Lagnad for Komediespil. Alle dei prosaiske Millomregionar verdt oversprungne. Det er Havet og Storfjellet i Grannelag. Jamvel Steinen, som du gjeng paa der nede, er Høgfjellsberg, og den lause Jord er Fjellgrus. Du gjeng midt i Byen og er kavende til Fjells. Trudde du lenger paa Huldra, so maatte du meina, at det var ho, som gjeng der med si Notebok i Fanget under Regnhatten sin.

Eg skreiv ein gong (i mine "Ferdaminne"), at desse fagre Kvende med sit fine Skinn i Vest- og Nordlandsbyane vaaro for gjæve til alle dei "Forretningsmenn" der, som maatte kunna berga seg med Damer av eit uvandare Slag. Dei skulde vera for os Bok- og Tanke- og Statsmenn slike. Men so gjeng det: vi maa tidt vera fornøgde med desse skinngrove Kartenævrar af Aust- og Inlandsgjentor, og so skulde desse skinnfine Silkevippor falla til desse Herrar, som skulde synas at vera skapte for grøvre Gods. Ja, det kan skipa seg bakvendt. Men desse grove Herrar kunna og vera fine. Eg saag eldre Menn med Blomekinn, og om Vinen og annat sterkt stundom kunde hava gjort sit med til alle desse Rosor og Liljor, so er det likevel denne Sjo- og Regnluft, som gjør det meste. Der var mangt ved soma av deim, som minnte meg om "gallante" eldre Herrar (mest Sveinkallar) fraa den gode gamle Tid. Allt Lausøyra var in- og paasett. Det var Tenner so kvite som Bein. Det var eit Haar som paa Harald Haarfager. Det var Blomekinn som paa den finaste Gjenta. Det var utkrullad Bringekrage (Kalvekryds). Det var Stokk med Elfenbein, og det var Støvlar som den meste glitrande Morianen. Der gingo dei, likso unge og væne som eg og du og skjemta med dei straalande Damer. Det er ikke langt ifraa, at denne bergenske Luft kan halda gamle Folk so fine og unge. Vist er det, at jamvel gamle Menn, ganga skinnfine af den; men er so Folk altfor skinnfine af Naturen, so flasar og flagnar det seg og, so det er stendigt Skinnskifte, og influtte Folk ero verst ute for dette. Det maa vel og vera, at ho røyter all den varme Væta. Det kunde vera so mjukt og varmt der i Regnet, og dette jamvel so seinhøystes, at eg gjekk der som insmurd med Olje, og eg likad meg aldri so godt i Bergen som i det fælaste Regnet. Det var so lett at anda og so livlegt, at eg mest kunde dansa der under Regnskjærmen min. Og naar det so reiv i at klaarna, so var denne vatsfulle luft so djup og so mjuk og so blaa, at ho var som den unge blaaøygde Kona etter ei Barselseng. [---]

 


Dølen, 23. januar 1870. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad