Bokavl

(Bokmelding av Asbjørnsen: Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn, 1859)

Av Aasmund O. Vinje

"Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn, fortalte af P. Chr. Asbjørnsen, anden forøgede Udgave" ero, no nyst utkomne hjaa Steensballe.

Daa Asbjørnsen (og Jørgen Moe) nokre og tjuge Aar sidan toko til at skriva upp og prenta slike Huldre- og Folke-Eventyr, so tenkte vist ingen endaa, at det var eit so gildt Verk dei gjorde, og dei drøymde vist ikki om dette sjølve heller. Aalmugen sjølv var alt daa so klok, at han lo aat desse Eventyr og kallade deim Vas, det vil daa segja den Aalmugen, som kunde lesa, for mange af dei forteljande sjølve trudde no so halvt om halvt paa det; endaa dei beste Forteljararne saato, som eg tidt hever seet, med ein Smil ikring Munnen og aatløgde sine eigne Eventyr, for daa dei komo inn paa alt det gildaste, som Oskefis gjorde, paa Bukken, som riste af seg Gullpengar, paa den væne Huldra med den stygge Halen sin, paa Sigurdsveinen og Guro Rysserova og alle desse Drambdrysjur, daa blinkade dei med det eine Augat og skjekte Paa Munnen, men fortalde like radt for det. Eg, som vist hever høyrt somange Eventyr som nokon annan yngri Mann, eg maa segja det, at eg aldri kann minnast nokon, som trudde paa deim, naar det daa ikki var ein og annan "Tulling" som aldri gav Eventyret det rette Sving. Men kannskje det her paa Austlandet er annarleides, der Asbjørnsen mest hever farit, for merkjeleg nok hever eg funnit sterkare Tru paa Trollskap og Haugebuar her paa Austlandet og i sjølve Byarnes Utkantar en upp i Fjøllbygdarne, der Folk kunde mykit fleiri Eventyr. At mæla for Mosott og gjera aat for vonde Auge, for Verk og Brot er mykit aalgjengelegare her en i Fjøllbygdarne, og det trur eg mest maa koma af det, at Fjøllbuen, aalmennelegt talat, er kvikare til at tenkja en Flatbuen. Sannsynleg hever aldri dei beste Hovud nokotsinn trudt paa slikt Trollskap, for vi vilja endaa vita, at vaare gildaste Forfeder ikki eigong trudde paa Odin og Thor og slike gjæve Gudar, men berre paa si eigi Magt, og trudde dei ikki paa desse gamle Gudar, so trudde dei vel endaa mindri paa deira Ætt, som Christendomen gjorde til Trollskap og Djevelsmagt. Men Trælarne og den andre store Armodsdomen trudde vel paa dei, liksom no, sidan paa Tunkallen og Huldra og Bergtroll.
 
Alt dette fær no vera som det vil, daa vi aldri kunna faa nokor god Greide paa det. Men vist er det, at i denne siste Manns-Alderen er denne Haugetru utdøydd hjaa dei Folk, som skulde bera ei slik Folkediktning uppe. Og Asbjørnsen hever derfor gjort ei god Gjerning ved at draga denne Branden. ut af Elden, fyrr han reint brann upp.
 
Men der skal Upplysning til at takka Asbjørnsen for dette. Aalmugen finner det berre at vera Vas og Tufs, og derfor segjer han: "Nei, naar eg skal lesa, so vil eg daa lesa det, som eg kann læra nokot af."
 
Men heller ikki dei Upplyste værdsette nok denne Gjerning af Asbjørnsen fraa det fyrste. Dei laaso og funno det forvitnelegt, og logo aat dei morosame Bondeord, som ender og daa slungo imillom. Det var fyrst tyske og engelske Lærde, som funno ei djupare Meining i desse Eventyr, daa dei baaro Vitni om eit gamalt Skyldskap millom Europas Folk og endaa med dei gamle Grekerar og Hinduer, for dei fleste Eventyr finnast hjaa alle desse Folk i eit elder annat like, so at Skyldskapen kann kjennast. I den myrke Forntidar-Nott inne i Asia ero alltso desse Eventyr gjorde; so foor der fyrst ein Folkestraum sudetter til Indien og tok med seg Eventyr og Maal; so ein sudvest, som blandt andre Israels Born ero af; so foor der ein Folkestraum vestetter, som blandt andre Grækerarne ættast ifraa; so kom der Straum etter Straum vest- og nordetter, som er vaare og Tyskernes og Englændernes Forfeder. Alle desse Straumarne runno ut af det store Folkehav midt i Asia, der vi ogso tala om, at Paradis laag. Det er Eventyr og Sagn og Gudelære og Maal, som dei Lærde mest fara etter, naar dei segja, at alle desse Folk ero af eit Blod; men dei hava vorit so lengi fraa kverandre, at dette Skyldskapet ikki er lett at kjenna atter: det skal grannvare Auge til at gaa det (verda vaer), og derfor er det ogso, berre dei Lærde i denne siste Tid som hava gaatt det.
 
Og no, daa vi gjerast lærde paa dette, segja vi: Det var ein stor Ting af Asbjørnsen dette, at teikna upp desse Eventyr. Og vi beda kver og ein, som kann skriva, at han vil teikna upp dei Eventyr og Folkesegnir, han høyrer, for her ero vist fleiri uskrivne en skrivne enno. Og daa vil eg beda Skulelærarar og andre, at dei lesa fyrst Asbjørnsen for at sjaa det, som er uppskrivit og so læra af honom at fortelja greidt, for han er merkjeleg god i Tussestil og Haugebu-Tale, og i alt dette tronge Omkverve, som slike Folk ero bundne i. Derfor segja ogso Folk, at Asbjørnsen er so makalaus folkeleg, og det er han ogso paa dette laage Stig i Folke-Upplysningi. Men den, som trur, at det folkelege er tømt ut med dette, han teker storleg i mist, for sjølve til ei Manna-Sogu (Historie) kunde ikki desse Talemaatar af Eventyr brukast utan at aatløgja (gjøre Narr af) Soga si. Eit Exempel trur eg skal upplysa dette: denne javne Talemaaten: "og rett som det var, so skvatt han upp osv." Sagde Ein i ei aalvorsam Historie: "og rett som det var, so hogg St. Olaf til Thorer Hund osv.", so vilde vel alle bresta i at læ og segja, at det var smaklaust. Eg maatte prenta af eit heilt Eventyr for at visa deim "dette Norske" i denne Stilen, og norsk er det ogso i Sanning, men det er af det lægste Slag, som er oveleg godt paa sin Stad, men som ikki naar lenger fram, og naar Folk segja, at ingen er so norsk som Asbjørnsen, so visar det blandt annat at dei ikki vita, kvat norsk er, men gjera norsk Maal til ei Tale af Tussar og Bytingar. Denne Fantestilen maa ogso vera med, og Ære vere den, som kann støypa honom so godt som Asbjørnsen; det er stort gjort, for Innhald og Form falla saman, men der maa nokot meir og endelausare til, fyrr "Norsk" er tømt ut.
 
Men Folk trudde fyrr, at denne Eventyr-Norsk var den einaste og rette Norsken, og det er ikki fritt for at Asbjørnsen trur dette enno, for han teker upp i si Fyritale ein Tanki etter andre, "at Folke-Eventyri og Huldre-Eventyri er den fyrste Freistnaden i vaart Land paa ei med Dømekunnst og frisk Sans gjenomførd Nytning af dei for Bokmaalet brukelege Ord af Folkemaalet og Bygdarmaali". Dette taka vistnok mange so, at Bokmaalet ikki kann tola fleiri norske Ord, en han hever brukat, og skulde nokon tru dette, so maa han ogso tru, at Asbjørnsens Norsk er den einaste sanne og mogelege. Det er inkje Tvil om, at mange tru dette. Men vi skulle ikki venta meir af Asbjørnsen, en han hever gjort, det er store Ting det. Han fekk Folk til at venjast paa Norsk ved at gjeva vaare Bokfolk dette Armodsmaalet, som var det einaste dei paa norsk tolde, daa dei totte, at slike Eventyr nok kunde vera høyrande paa i norsk Maal, men nokot aalvorsamt elder hægri liggjande paa ingen mogeleg Maate.
 
Det er til Pass til at vera norsk dette, meinte dei, og so logo dei aat sit eiget, for eg hever visat, at det var fraa dei utlendske Lærde, dei fingo den rette Vyrdnad for Eventyri. Det er no Norsk paa sit Vis ogso i desse Eventyr, for Ordi ero, bokstaverade paa Dansk og mange af dei nye Ord, han brukar, ero skrivne utan Maalkunna, som dei uttalast, sosom Børd (uttalast paa Austlandet Bøl): Byrde, istadenfor Byrd; Ølkvæse for Ølkveise; Kjøreld for Kjerald; Fann for Fonn (Snjofonn); Greie istadenfor Greide (d'en høyrest. ikki men maa vera med). Og so brukar han kavdanske Ord som Praas og Multebær; det heiter Moltur endefram og Ber turva ikki vera med, og vi segja ei Tyriflis og ein Daasi (eit smalt Ljos) istadenfor Praas.
 
Men alt dette var nokot, som høyrde med til at gjera det smakande for Folk. Dette Haugebumaal og denne Villstaving maatte til i Fyrstningi forat faa Folk til at lesa. Det er altsaman viist og vel og det vilde vera daarlegt at lasta det. Men naar Folk hevja Asbjørnsen (utanfor sit tronge Omkverve) fram som eit Mønster paa "Nationalitet", daa maa det segjast, utan at minka den Æra, som tilkjem honom. Han var ein fullgod Mann for si Tid, og derfor vil han altid hava Værd; sjølve I. Aasen kunde kannskje ikki fortelja Eventyr betri en han; det vardt vel adlat, men det vilde vel sakna nokot af del Fantefillurne, som maa vera med for at vera naudlikt, og som vi læ so godt aat, fordi vi vita, at det høyrer med til Klædebunaden, til Dansen, som Guten sagde, daa han datt.
 
I Motsetningi millom Eventyri og dei Ord, Asbjørnsen leider deim inn med, seter Lesaren paa den rette Staden (inn i "Situationen"), verdt det klaarare, kvat han magtar og er liksom skapt til. I desse sine Innleidingsord er han paa dei fleste Stadar barnsleg; han maalar nok Land og Hav og Selskap, men det flyter ikki ut af det botnlause Tankedjup, som aaleine kann gjera det maalande med faae Ord. Han forteler vidt og breidt, men det springer ikki fram, so Maalaren kunde maala det. Det er daudt med alt det Liv, han strævar at leggja i det. Eg nævner berre dei tvo fyrste Sidur under "Kværnsagn" som det fyrste det beste Exempel; likeins er det med "Huldreæt" der han blandt andre Ting segjer (S. 86): "denne Situation var baade komisk og erotisk. Det var Kjærlighed i Huslærarkategorien"!! I det Heile maa merkjast, kvat ogso, Goldschmidt ei Gong sagde, at han brukar altfor mange framande Ord i Bokmaalet sit; det seer derfor ut som ei Tilgjerd, naar ein Mann, som ikki kann skriva greidt Bokmaal, vil gjeva seg af med at vera norsk og allrahelst stiga so laagt ned som til Eventyret.
 
Men liksom desse Innleidingar i Motsetning til hans Eventyr, visa hans Omkverve og Grensurne af hans Riki, soleides visa dei ogso Barnet af si Tid, som paa denne Leid var fostrad upp med Walter Scott's breide Skildringar, dei som under James og Spindler og deira Etterkomarar vox fram til eit Spotteverk (Carricatur). Det er Romanstilen full af tomt, og den fullkomlegaste Skort (Mangel) paa Forsoning millom det haage og det laage. Det er den staalslitne Herremannen og den raae Armingen, den fine Silken og det grove Vaadmaal som skrika ein annan i Øyro. Men sjaa dette er nokot, vi alle meir elder mindri lida af i denne Yvirgangs-Tid, og at Asbjørnsen, som var so tidleg ute, maatte lida mykit af dette, maa fylgja af seg sjølv. Men naar no ogso dette Upplag af Boki er utselt, som det ærleg fortener med det fyrste, so gjorde han vel i at strjuka desse Innleidingarne sine og fara beint inn paa Eventyret. Kunde han ogso daa magta, at skriva det paa reint norsk, so vilde det standa der som hoggit i Graastein til eit Afminni. Dei Eventyr han alt no hever i Blandingsmaalet sit ero Merki nok paa si Tid og Maalets Framvokster. Han forteler so godt, at det vilde vera Synd at lata det vera med den Tvitolen, som er. Kann henda at vaart norske Maal vil vexa fram paa den Maaten, som Asbjørnsen slog inn paa, - so meina mange kloke Folk og Asbjørnsen vist med - men han skal som ein slik Mann sjaa lenger og vita, at Folket ikki kann verda standande med det.
 
Eg maa til Slutt gjeva ei Prøve paa nokot, som eg tykkjest høyrer til det beste. Det er tvo Skatte-Gravarar. Ein forteler. Dette kann ogso vera til Nyttes, ettersom eg veit, at slik Gravning enno brukast tri Thorsdags-Kveldar, sosom ein Stad upp i Eidsvold i Sumar, der ein stor Haug, vardt gjenomgraven paa den Maaten.
 
(Side 142.) "Del grovo i tvo Thorsdags-Nættar, og der kom til deim so mange Jolebukkar og underlege Skapnader, at dei aldri havde trutt, der kunde finnast so mykit stygt: der kom baadi Bjørnar og Udyr og Stutar med store Horn og alt det fæle, som til var, og vel so det. Dei vaaro rædde og tenkte kver Augneblink at taka till Foten; men dei heldo ut og tagde seg. So var det den tridie Thorsdags-Kvelden, daa vardt det mykit verri en baade dei fyrri Gongur; men dei grovo og tagde seg, og det varde ikki lengi, fyr Spaden skrapade paa Kopar-Kjetilen. Rett som det var, kom der køyrande ei Vogn med sex svarte Hestar fyri, og det gjekk som ein Vind. Eit Bil etter kom der ei gomol Kjerling, som ook seg fram i eit Trog, men Kjæften hennar gjekk som ei Piparkvern. "Eg naar deim nok att', eg naar deim nok att'," sagde ho alt i eit og gnudde seg fram i Troget. "Aa i Helviti naar du deim att'! sagde han Godfader, men med det sama var Kjerlingi burte og Penge-Kjetilen sokk ende ned."
 
Det er ikki vandt at skriva paa Norsk slikt, skulde eg tru, og det er ogso mogeleg, at desse sokallade "norske Vendinger" kunde brukast i aalvorsam Stil, naar vi eit Bil vaaro vane med deim i annat en Eventyr og slike Rispur; men enno høyra vi Barne-Tala i deim og smila.
 
Slike Eventyr om Skatte-Gravning og om Huldra og Tunkallen og annat Trollskap ero, liksom dei einstake Ord i Tungemaalet: det er dei sama yvir det heile Land (der dei daa ikki ero utdøyde), men dei brigdast nokot paa i sogodtsom kver Bygd og faa ei onnor Uttale, so dei tidt ikki ero kjennande atter, fyrr Ein tenkjer paa den sameigde gamle Grunnform. Skulde vi derfor finna Grunnformi for Eventyri, so maatte Eventyr fra alle Landsens Bygdar uppteiknast liksom Bygdarmaali; men med desse hava vi no det gamle Maal at halda os til, medan vi ingre Mønster-Eventyr hava, men maatte setja deim ihop (construere) deim liksom vi havde maatt gjera med Maalet, dersom vi ikki havde aatt det gamle. Asbjørnsen hever mest haldet seg til det flate Austland. Men skulde vi faa Eventyr alle Stadar ifraa, maatte vi nøyta os, for i Thelemork veit eg, at der ikki liver mange atter af deim, som eg høyrde dei fleste af, daa eg var ein liten Gut, og eg trur, det vilde vera likeins paa andre Stadar. Folk ero for kloke no.
 
Vilde Landsens Skulelærarar samla og sende kver i si Bygd, so vilde det vera godt. Dei hava no lært so mykit, at dei fleste kunde gjera det. Og so vøre det vel for Maalets Skuld, om dei greidt vilde skriva deim kver i sit Bygdarmaal.
 
Eg skulde ynskja, eg havde Rum til at omsetja fleiri Rispur, og helst fraa Side 42 og der utetter, der ei Husmanns-Hytte med Ungar og Modri som Signekjerling skildrast. Der er Asbjørnsen makalaus, for det magtar han, so det kann verda maalande. Der er han som i Folke-Eventyri med Bordkøyraren. Der kjenner Ein, som ein Advocat sagde: "Mannen af Faget." Men eg vil gjera dette til Ros og ikki som Advocaten til eit Løgi og Slenge-Ord.
 

Frå Dølen No. 45. Sundag den 28 August 1859. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad