Culturen og Maalet

(Artikkel, 1868)

Av Aasmund O. Vinje

At Culturen vilde ganga tilbake, om her vardt brukad eit Norsk for eit Dansk Bokmaal, er no dei sidste Dagars Grunn imot vaar Maalsak. Dei gjera altso Maalet til det større og Tanken til det mindre, og tru at Tanken vilde koma burt, dersom han vardt inklædd i eit litet anna Ordalag. Det var liksom det mathematiske Bevis skulde verda omstøytt ved at setja in andre Bokstavar i Bevisførelsen en der stod i Læreboka. Det er sannt, dette forvillar mangein Skolegut, men det er og det beste Merke paa, at Barnsungen ikke forstend sin Setning.

Vaar norske Literatur er no komen sovidt, at den visar at Tanken og Følelsen likso godt kan finna sit Uttryk i den baade paa Vers og Prosa som i Bokmaalet. Det er sannt, vaart Landsmaal er enno ikke fullkomleg inspilad i lett Prosa og selskapelege Samtaler, men so heve det somyket større Fyremunar i Poesi og den hægre Stil, at det meir en vege up imot Bokmaalets større kjøbenhavnske Utsliping. Og so ligg der i vaart Maal Rikdomskjelder eller Resourcer til Utvikling, som Bokmaalet med si ureine "Vocalisering" og liksom sit afdøydde Moderliv ikke no kjenner til. Og so er dette Maal vaart eiget. Og det er og ein Grunn. Men, det skal heller Ingen forundra seg over desse stakkars Turrpinnar, som ikke forstaa annat en Bokmaalet og det naturligvis eit daarlegt eit, det skal Ingen undras paa, segje eg, om dei tru at Culturen her til Lands vilde ganga tilbake, om dei miste denne Styveren, den einaste dei hava i Lomma. Men so skal heller Ingen undras paa os, som forstaa og kunna bruka baade desse Maal, om me gjera Narr af deim, og finna at dei hanga i "Phraser" netup for dei ero likso arme paa Tankar som paa eit nationalt Spraak, der Tanken lettare kan koma fram med Liv og mindre verdt han gande i den utanaat lærde Form.

Etter deires Lære skulde eit Spraak bera med seg til sine Folk ein større Cultur, di lenger det var brukad. Men dette er imot all Histori. Grekarland og Rom vardt aandeleg armare og armare, di eldre deires Literaturer vardt, alt til dei vardt aandeleg buslitne eller bankeraatte, og maatte meir og meir taka Maalet af det Liv, som dagleg var ikring deim. Der er ei Ungdoms og Manndoms- og Alderdomstid med eit Maal liksom med eit Folk og ein Mann. Dette er greidt. Og no er det ei Ungdomstid med vaart norske Maal, liksom det kjendeleg er ei Alderdomstid med det danske, idetmindste her til Lands; for i Danmark bør me tru, at det enno vil vera ungt nok, naar der nede atter kjem ein Mann, som betre kan bruka det en desse danske Skribenter af denne Mannsaldren.

Det er ei kjend Sak, at Tyskeren Leibnitz ikring hundrad og sytti Aar sidan skreiv ei philosophisk Bok paa fransk, fordi det tyske Spraaket ikke enda var utbildad nok for den Slags Stil, syntes han. Me sjaa no, om der ikke var "Elementer" i den tyske Tunga til den Slags Stil, naar desse vardt framdregne. Nei, det kjem an paa, at draga fram den Rikdom, som ligg i eit Folks Tungemaal, og daa vil altid der vera Uttrykk for dei Tankar, som eit Folk heve lagt seg til Beste. Var det ikke so, men at Alt laag i Literaturens Elde, so maatte ei Bok med sama Tankefylel vera dubbelt so god i det engelske Spraak med sin 600aarige Literatur som i det danske med sin 300aarige; og om denne sama Bok vardt nok so godt omsett i vaar Literatur, so vardt der ingenting atter af Tanken i den. Det er fælt. Og eg som imillom omskriver Byron! Nei, vilde derimot vaare Maalvrengjor segja, at vaart Maal i mangt enno ikke er utbildad og brukad, so sagde dei sannt, naar dei attaat lagde til, at der er Rikdomskjeldor i det til ein endelaus Cultur, om so var, at eit Land so litet som vaart kunde fostra og bera den. Men skulde dei tala so klokt, so maatte dei kjenna dette Maal, og ikke slikt tala som Blinde om Fargar. Det er flirande men det er mest Synd at sjaa f. Ex. ein Professor i Philosophi ganga trygg i den usigelege Tru paa, at vaart Stræv for eit norsk Tungemaal vilde lata Land og Folk veksa ned etter liksom Kurova, dersom dette Strævet skulde lykkas; men daa no dette er umogelegt, so slær han seg til Ro med si "Culturbevidsthed" og lær aat os kanske liksomyket som me aat honom. Me vilde truleg ikke koma lenger en til at læ aat kverandre, dersom ikke Politikken ved ein naturleg Samanheng vardt blandad in i med. Men so daa verdt her Aalvor i Leiken.

 


Dølen No. 6. Sundag den 8de Marts 1868. VI Aarg. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad