Dølens fyrste Ord

(Artikkel, 1858)

Av Aasmund O. Vinje

Dølen var i lang Tid ein vanvyrd Mann; men, Gud ske Lov, no er den Tid snart ute, og han dristar seg hermed ut i By og Bygd. Han vilde gjerne tala med Folk om Eit og Annat paa Hjartat; men han veit ikki [1] ret, hvad Maal han skal mæla. Han kunde nok tala dansk, det er ikke for det; men han vilde no helst vera norsk, som han er fødd. Full norsk torer (tør) han dog ikki vera, for det at Mange ikki vilde forstaa honom. Det norske Folk er af det danske skakkjøyrt i Munnen, maa vita, - Byfolket meir en Landsfolket og Bygdarfolket meir en Fjøll folket. Naar no derfor ein Mann - soleids som eg [2] her - vil tala til alle desse Folk, so er han reint i Beit; talar han godt norsk, so forstaar ikke Alle honom, og forstaat og dermed høyrd paa vil han vera fram for alt. Talar han dansk, so forstaa heller ikki Alle honom, og det Folk, som mest trængde til at bliva boklærde. Synd er det ataat for ein norsk Mann at tala dansk:

Her talas dansk, og hvert eit Ord,
det snører til vort Tungebaand,
og jagar fraa vor Fædres Jord
den store stærke norske Aand.
Hver Vise er eit Ledamot
i Klaven kring den norske Fot.

Eg vil derfor prøva paa med eit Maal, som ligg midt imellom det norske og danske, rigtig høla (carressere) meg fram som med Smaaborn. Underlegt er det at gaa paa Kaup med sit eiget Maal; men Folket er komet paa Villstraa; det vilde gjerne finna den rette Vegjen men kan ikki altid finna den. Det er hugsamt at røyna (erfare), hvor norsk Folket er; her gaar ei nyskapande Aand gjenom det heile Folk, og den, som var so hæppen, at han kunde gjera denne Aand tillags, han kunde hugheilt slaa stort paa; men daa eg ikki er vis paa at træffa denne Aands rette Meining, er eg ræd for at gaa forvidt; eg kunde ellers i ein for heit Normannshug og med eit for tungt Normannstak ingen Normann finna.

Eg skal lempa meg efter Folk alt det, eg kan; tykkes Folk, eg gaar forvidt, skal eg slaa af, men ikki altfor mykit, og toler Folk betri Norsk, skal det faaes. Den, som vil hjælpa meg, skal faa Betaling og Takk ataat. Ved det kunde forskjelligt Maalbrigd (Sprogidiom [3]) høyras, og Folk faa prøva Alt og halda paa det Beste. Eit Skuggsjaa (Speil) af det til Norskhet kjæmpande Liv vilde og derved faaes. Mit Maal, like solitit som noken annen Manns no for Tidi, verdt vel vonleg det endelege; men af desse Emner og andre til vil i Mannsaldrer eit nyt heilt og velklingande Maal ihopsetjas, som Skalden vil kunna spila paa som eit velstemt fulltonande Orgel.

Det har gaat med vort Modersmaal som med dei græske Billætstytter: i Faakunnighetens Nott vurde dei sunderslegne af uheilage Hænder; men upplyste Menn grove Stykkerne ut af Moll og Grus og sette saman Appollo og Venus, der ere Mønster paa Venleik, solenge Verdi staar.

Aldri kunna vi dog venta, at Maalet verdt so reint og klaart, som det vilde hava kunnat blivet, dersom vi ikki havde voret under Danmark.

Det Cains Merki, Syndis Saar,
paa Panna Ein og Annen fekk.
Vi derimot paa Tunga vor
til Minni finge denne Flekk.
Om Frihet kjem og Annat vel,
vor Tunge skrik: du er ein Træl.

Men Mange meina, at det Intet har paa seg, enten vi bruka Norsk eller Dansk, ja, at det er betri at bruka det Danske. Men om no Dansk var betri en Norsk - som det ikki er - so er det eit gamalt Ord, at man skal bruka sit Eiget og ikki laana sig fram. Den Greidhet og Fynd i Tanki og Tale, som merker ut vore gamle Skrifter, og som enno høyres af mangein Aalmugamann [4], den vil koma atter. Det er med Mannamaalet som med ei Fele: Slaatten er som hun er stilt (stemt) til. Det "Ordbladerassel", som Wergeland kaldte tome Ord uten Tankar, og som vort danske Bokmaal so lett innbyder til, det kan vort folkelege Maal ikki tola. Dette er vonligt harde Ord for tankelause Menn, som dog gjerne vilde bruka Munnen, og derfor helst halda paa Dansken. Men, mine tankelause og ordfulle Vinir (Venner)! eg meinar det so godt med Eder. I maa derfor ikki verda vonde og skuva meg bort.

Laupa I for hardt inn paa meg, so giver eg etter, men kjem atter, naar eg ser mit Snitt, for det er med mine Ord og Ordlag som med Thors hvite [5] Bukkar: han slagtade deim om Kvelden og køyrde med deim like ratt om Morgonen.

Vi Alle elska Frihet og vilja intet heller, en at Norig skal staa paa eigne Føter og ikki lyda hverken Sverig eller Danmark, men vera javngod i dette Syskynlag. Men, forat dette kan koma, maa vort Maal utviklas, so at vi ikki aleine sjelv kunde segjas at vera eit Folk, men at baade Sverig og Danmark kunde læra af os som i gamle Dagar. Det var vi, som havde dei beste Skrifter, og vort Maal var det reinaste; ja, hvad meir er, hverken Danmark eller Sverig aatte ei Bok, som var værd at sjaa i, daa vor Bokskrivning (Literatur) var blømande. Dette er ikki gløymande.

I Verdi vi store var' ei Gong. [6]
Vi enno kan verda store.
Vi syngja om det so mangei Song,
og graata af det, vi gjorde.

For det gamle Maal ligg enno reint paa Folkemunnen; det kjem berre an paa, at vi bruka og reinska det. Det maa vera Slutsteinen paa vort Stræv i folkeleg Retning, og uten at vor Frihet byggjes paa den som Hovud-Hyrnesteinen (Hovedhjørnestenen) vil vort Frihetstempel vera bygt paa Sand.

For den rette Folkeaand kan ikki koma, før Maalet strøymer ut af Folkets eigi Saal (Sjel), og syngja og dikta kan det heller ikki læra før; og Folket vil soleids ikki hava rette Mergjen til at verja seg imot at forsvenskas eller fordanskas. Paa Mælet maa Mann kjennas, og den, som ikki kan tala, maa lata Ryggen smala (smelde), segjer eit gamalt Ord, som enno betri passar paa eit heilt Folk en paa ein einstak Mann. Fraa det sereigne Maal og den dermed sambundne sereigne Tænkning og Huglynni kejm det Sereigne ved eit Folk, som vi kalla Thjodskap [7] (Nationalitet), og som er det, der liksom later hvert Folk bera sit Offer fram paa Folkeferdis Alter til Ære for Gud. Vi maa derfor faa vort Maal atter. 1 1814 sette Folket liksom den eine Foten fram til Fart; den andre maa koma etter.

Vort Folk i Trældom længe gjekk
med Sorg foruten Sæli [8].
Men som de att' si Frihet fekk,
so maa det faa sit Mæli. -

Og liksom det var dei upplyste Menn, som gav os vor Frihet, soleids maa det og vera dei, som skulle gjeva os atter vort Maal. Aalmugamannen gaar som Barnet i den Vaxnes Fotfar (-spor).

Men den eldri Slægt af vore upplyste Menner og mange af dei Unge, som intet Norsk have lært, og ikki kan eller vil læra om atter, den vil Intet vita af eit nyt Maal, som den kallar vort eiget. Denne hardnakkade Slægt, som staar imot Einhver, der vil liksom føra Folket fram til Canaans Land, maa døy paa Sandheidi (i Ørkenen).

Dølen lyt vel og gjera Greide for den Politik [9], han vil fylgja, og det er snart gjort hos os, hvor Alt gaar so greidt til. Men betri kunde det gaa, det vil segja, her kunde koma støri Kunnskap, Folkelighet og Sjelfstændighet inn baade i Regjering, Storthing og framfor Alt i det heile Folk. Det er til dette, eg vil stræva; men ataat har eg og so mykit Vit og Røynsla (Erfaring), at eg ikke ventar formykit af det Gode. Om soleids ein Kongsraad eller annan vel vyrd Mann kaarar ut sine Kjenningar og Skyllfolk til Embæter framfor Andre, som ere klokare og eldri, - om Kongen utnævner til Høvudsmenn Folk, som godt kunna pussa Skjægget sit framfor Folk med Alder og Forstand, og om Storthingsbøndarne draga fram paa Storthingskrakken sine Likemenn og Jabrødrar, men lata Mannen med Hug og Dug (Dygtighet) sitja heime; so vil eg dog tigja still i længste Lag, dersom der er det minnste Mannavit i deim, som soleids verda framdregne paa Andres Kostnad og til Landets Ulykke. Men med Fingren maa no Slikt pekas paa; det vilde ellers vera altfor ille; so kan Folket med si Kjæmpehaand, om det vil, gjeva Nevaslaget.

Det er no vistnok Eit og Annat med Landets Styr og Stell, som burde vera anderleids, men som Alt maa betras paa etter Haandi; Staten lyt vexa langsamt den, skal den ikki forspanas (forstrekkjas) og dermed etterpaa verda sjuk og krjupa ihop atter, liksom det gaar med verkbrotne Folk som verda tøygde ut paa ein Spankrak eller i ei Spangrind. Soleids har det gaat med Frankrik.

Denne Politikken min kan ikki vera tillags for Folk, som vil hava mykit omgjort hos os og Alt i Senn (paa en Gang) og som derfor tru mest paa den, som storskrik, - paa sovordne (saadanne) Folk nemlig, der er liksom Sverre sagde om Baglerne: "Dei ere i Munnen størst som Reven i Halen."

Med Sverig kan enno ikki vera Tale om noket nerare Sambaand; dertil er Norig og Sverig altfor ulike:

Naar Sverig fær ein Grunnlov saa god som vor- naar Ingen der længer fødes med Sporar og Sverd og trikantad Hatt, men naken som hos os; naar den svenske Retstilstand bliver likso upplyst og greid som vor, - naar Sverig fær Formannskaper og eit betri Told- og Skattestell; og naar vi paa vor Kant faa eit Maal, der liknar vor Oldnorske so mykit som det svenske gjerer det paa sit vis;[10] naar vi ere komne saa vidt i Aakerbruk, Budraatt og Fabrikdrift som Sverig: daa og først daa kan der vera Tale om eit annat Samlag en det, vi nu hava. Til dess skulle vi fredsælt vanka hos hverandre, byggja Jern - og Steinvegjir og Vasfører os imillom, og kappas etter at overgaa hverandre i Kunnskap og Dygd og Lydnad mod vor felles Konge, naar han er, som han skal vera; for han kan som Fader megla millom os Brødre, naar vi verda for grove i Munnen mot hverandre. Vi vilja baade vera best, og so, skal det vera. Det skader ikki om vi tverkas, naar det berre ikki kjem til Slagsmaal, og det taka vi os ivare for, daa vi vel vita at der nok vilde drjupa Blod men ikki Feidt af eit slikt Basketak. Længe nok sloges vi

I Kamp vi gjekk og os paa Sværdet, stødde
og hvilte kun solænge som vi blødde.

Om eit Samlag med Danmark kan der enno mindri vera Tale. Af det hava vi havt nok; men naar Danmark bliver sine tyske Landsdelar kvit, og naar det byrjar at stæla (staalsetja) sit veike Maal med vort, daa skulle vi tala om at koma ihop atter.

Her længe bles ein Sunnanvind
som Norge sveid og brænde.
Nu ser det ut som Nordanvind
vil jaga den atende.

Damark maa aldri venta, at Norig sender ut Stridsmenn forat føra Krig mot Tyskland. Tyskland er os likso nerskyllt som Danmark, det kan ein sjaa af Maalet i gamle Dagar, og tyske Folk forstaa betri vort nulivande norske Maal en det danske. Naar Tyskland fær den Frihet, det længtar etter, og den maa det faa ei Gong, saa vil Tyskland intet annat en det baadi vi og det frie danske Folk vil. Det er Sutemaal at sjaa so upplyste og skyllte Folk som Danske og Tyske at føra Krig mot hvarandre; men dette maa snart javnas.

Liksom Norig i gamla dagar aatte det reinaste Maal og den beste Bokskrivning, soleids har det no den beste politiske Frihet, fordi at folket her er so samfengt, og intet erveligt Baand binder Lag- (Lov)-gjevarens Hænder. Frihet er derfor hos os til Nyttes for Alle, og daa no Frihet er det, alle Folkeferd stræva etter, so kan hos os i Politiken ikki Eigennytten draga til ein Kant og Retten til ein annan, - ei Tvibeiting, som har køyrdt so mangt eit Land ned i Trældom, liksom den dagligdags dreg os Alle ned i Syndi. Det er Danmarks og enno meir Sverigs Ulykke, at Statens Vogn staar so ner still, for den eine Magti dreg att' og den andre fram. Dette er den Arv, som desse Laand (Lande) hava fraa sin Storleiks Tid, for i Sverig og Danmark var eit Herreveldi, som helt Staten uppe i den myrke Tid, og gjorde den stor atpaa, men tok seg bitalad med mangein Serrett (Privilegium) som no staar i Vegjen for Landets Framkomst. Vi Norske vare i den Tid som ein Feflokk uten Hjuring (Hyrde), hvorfor vi tapade vor Sjelfstændighet og kome under Danmark. Vi laa i over 400 Aar som ein Øydegard eller Sæter.

Ein Sæter Norig længe var
for Jytens Fe blandt Fjøll og Fenner [11]
Grasroti dog det hegnat [12] har,
for Feet fraus og fattad's Tenner.

Det er denne friske Grasrot, som breider upp for os vor grøne blaute Frihetsseng. Vi have ingle Herremenner (Tistil, Nesle o.s.v.) som eta upp Smaagraset ikring seg, so der er svart, og stinga og brenna ataat. Naar Sverig og Danmark faa rykt upp desse Herremenn, og Jordbotnen javnt er grasbunden, so kunna vi slaa Samlag og venta ein rik Haust.

For Upplysning vil Dølen virka, alt det, han kan. Skolelæraren lyt faa betri Løn, men so lyt han og læra meir, og framfor Alt lyt han kunna Oldnorsk og dei beste Bygdarmaal. Det er Spott og Spe, at Skolelærarar, Prestar, Domarar og alle andre Statens Tenarar (Tjenere) læra so ugrynneleg mykit, men ikki det Maal, vore Fædre talade og det, som Folket no talar. Det vil verda eit Bisen [13] for Framtidi dette. Folk vil sjaa paa os med sama Rædsla, som vi no sjaa paa deim, der berre talade og skreiv Latin.

Alt det, som er forvitent (interessant) vil dette Blad som andre Aviser tala om. Det, som hender innanlands og utanlands, heime og borte, skal bliva fortalt paa ein samandregjen Maati, til dess at Bladet kjem saa langt fram, at det kan koma ut hver Dag, og soleids som andre trykja af Alt baadi Raatt og Rotent.

Notar:
[1] ki udtales kji.
[2] jeg for eg er unorsk.
[3] Det er eit godt Merki paa, at vi ere skakkjøyrde, at Ein skal tyda eit norsk Ord, som haves, med eit græsk.
[4] af Mugi, ein Mængde, Hop.
[5] hv uttalas som kv, altso kvite.
[6] o-et uttalas mest som aa.
[7] af Thjod eit (støri) Folk, soleids Svithjod, Svearnes Folk.
[8] sæl, salig.
[9] Politik er eit Ord, som maa brukas for det Første. Det kjem af Polis, ein By. Altso Politik, Bystyring, og no daa det gjelder det heile Land, Landstyring.
[10] Det svenske Maal har dog alt i den fornhistoriske Tid støyt ut all Tviljod (Diphtongerne), og dermed Maalets meste Musik. Svensken sagde og segjer soleids ikki veit men vet.
[11] Snjo (Snee) fonder, Snjoskavler.
[12] sparet
[13] af bisna, glo.

 


Dølen. No. 1. Sundag den 10 October 1858. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad