Folkeskolar

(Artikkel, 1869)

Av Aasmund O. Vinje

eller og, som dei verdt kallad, Folkehaagskolar ero no framme paa Dagslista, og dei vaaro eit Tale-Emne under denne Studenterferd, der Folk nokot maatte finna paa, daa Politikken af sine gode Grunnar ikke kunde vera med, og det vardt sagt, at dei eingong vilde koma istadenfor Allskolane eller Universiteterne.

Ein Skole er ein Lærereidskap for eit Fyremaal. Du lærer, for at koma fram for Presten eller vera ein aalmenn Statsborgare og eit daglegdags Menneske (Aalmugskolen). Du lærer, for at bli Skolemeistare for Aalmugen (Seminarium). Du lærer, for at bli ein Slags meir alsidigt utviklad Statsborgare en i Aalmugskolen (Folkeskolen), og du lærer, forat bli Embættesmann (Latinskole og Universitet). Og so er der daa Serskolar til Jordbruk, Sjøvæsen, Handel osv., som alle forutsetja, at du maa hava ein aalmenn Underbygning i Kunskap.

Og so er der ein Skole, som heiter Sjølvtenkning og Lesnad. Duger du nokot, so treng du ikke til nokon af desse Skolar, men kan lesa deg sjølv fram, no daa her er so god Raad paa Bøker. Eg vilde hava sagt, at det er denne Skolen, som kjem til at afløysa Universitetet, om nokon skal gjera det; og det er denne Skolen, og ingen af alle desse andre, som kan bera fram til den største menneskelege Kunskap. Du kan læra myket og leggja deg ein god Grunn og Underbygning paa desse andre Skolar og daa naturlegvis mest paa Universitetet. Men gjeng du ikke vidare, so kjem du aldri langt. Ved Universitetet kan du koma vidt, det forstend seg; men lærer du ikke meir en af Professorane, so med alt ein trongsynen eller bornerad Mann. Det er jamvel so i Sergreiner, sosom Retts,-, Lækjar-, Preste-, Natur-, Spraaklære osv. I mange af desse Sergreiner kan du koma langt, naar der hender til at vera ein framifraa god Professor i deim, men det slær endaa sjeldan til for den beste Læreguten, og derfor maa han til eit annat (utlendsk) Universitet, der ein betre Professor i det Slag raakar til at vera. Derfor er her og vitenskaplege "Stipendier" ved Universitetet.

Og er det paa denne Maaten i dei serskilde Fag, so maa det endaa meir vera so i aalmenn Kunskap og sams Underbygning i Vitenskap og Tenkning og Aand i det heile. Kven skulde du læra dette af ved Universitetet her f. Ex.? Eg kjenner ingen. Her kan vera flinke Fagsmenn, imillom kver i sit Slag, men vil du jamvel kanske af desse faa nokon aalmenn aandeleg Underbygning? Ja, dei kunna nok mangt, og dei hava vist eit godt sams Grunnlag; men det er ikke dette dei læra fraa seg. Det er, om du vil, eit serskilt Handverk. Underbygningen maa vera komen fraa andre Skolar og daa mest fraa "Artium og Andenexamen", som hava til Meining at laga til den sams Grunn; men den, som kjenner til den Lærdomen der er at faa, han maa vel segja, at dette ikke naar langt fram, sosannt det skal vera meir en eit rett og slett Grunnlag til ein vanleg Ombods- og Fagsmann.

Nei Universitetet skal ikke gjera nokon fullferdig Mann. Viste Ingen meir en det, han fekk der, so var her ikke stor Visdom og Lærdom, og var her ikke større vitenskapeleg Underbygning og Forutsetning en den du legg deg til og lærer der, so var her ikke mange Ljos i vaart Tanke- og Folkeliv. Det er ikke derifraa Dagen no kjem. Nevn f. Ex. ein Mann som kan skriva og tala der utom sit serskilde Fag? No der er ein og annan aalmennt gild Mann, men det vilde daa vel ikke Mange falla paa at kalla eingong desse Uplysningsmenn i den beste Meining. Det vantar ikke some af desse Folk paa Hovud, om just ikke det Hovud, som her maatte til for at vera ein Ordets og Stilens og Tankens og Aandens Mann. Er der nokon, som kan skriva og tala mønstergyldigt? Er der nokon, som heve gjort sit Land og Folk rikare med ein einaste Tanke utom kanske i eit serskilde Fag? Gjeld dette, som ikke lett skal finna Motprov, om dei beste, so kan du vita, at der ikke kan drjupa myket Feitt af dei mindre gode. Det vilde vera at faa Vindruvor af Klungen og Fiken af Tistil, at krevja Aand og Uplysning og fordomsfri vitenskapeleg Granskning af dei fleste af desse Professorar og Stipendiater ved Universitetet. Det er rette og slette Embættesmenn, og ingenting annat. Les det, dei skriva, og høyr det, dei tala, og tenk deg Utbytet af deires Tanke- og Andarliv lagt til den nationale Sum af den Kunskap og Aand, som er i Landet, og svar so, om du ikke trur, at dette, er sannt.

Men gjeng det so, med det grøne Tre, hosi skal det daa ganga med det turre? Universitetet er ei Stordrift for Landets Uplysning med Latin- og andre Skolar som Smaabruk under seg. Det er liksom Svinghjulet i dette store Regelverk, eller om du vil, liksom Krossen paa Taarnet til den heile store Kyrkja. Og so desse Folkeskolar, ero dei nokot mot det? Det er tvo tri Kandidatar til Lærarar, og Læregutane det er flinke Landsgutar, men for det meste utan nokon annan Forskole en Aalmugskolen, og deires Sjølvlesnad kan heller vera stor, dersom dei skulle hava Nytte af Undervisningsplanen der. Det kan vera myket til nyttige Skolar, men at tala om, at dei skulde kunna afløysa Universiteter no er likefram Vanvit, sosannt som Tanken daa ikke er den, at all hægre Undervisning bør afskaffas, og det heile Tanke- og Kunskapsliv skal bli lagt sine mange Tonar og Oktaver lenger ned.

Det kan henda, at der er gjort formyket af Universitetet, og at der er havne altfor store Tankar om den Uplysning, som kan koma af dette utvordes Regelverk i desse Skolar med sin Allskole som Afslutning. Dette vil eg tru. Desse Driftsbruk til Kunskap venta Folk formyket af. Dei øydleggja tidt sine spræke Gutar baade paa Skrott og Sjæl og gjeva deim Afsmak for Bok og Tenkning. Men dette er nokot annat og ei endelaus Lekse.

Det kan likeins henda, at Prøva ved Universitetet verdt strekt ut til for mange. Det er mange Embæts- og Ombodsmenn, som godt maatte kunna berga seg og Landet med mindre Boklærdom. Vaart politiske Liv visar no meir og meir, at Embættesmenn ikke godt kunna brukas til slike Politici som Storthingsmenn. Ved sin Servilitet eller Tenarskap under kvert raadande Ministerium, hava dei synt seg ulagad til at hava Tilsyn med Landets Lagnad og Styre. Dei gjera seg sjølve til Tenestefolk, og Landet kjem snart etter med det endelege Stempel paa deim.

Men Uplysning i Landet maa her likefullt vera, om den kanske verdt omlagd til andre Folk. Naar det verdt talad om Universitet i Motsetning til "Folkeskolar", so maa du ikke tenka paa deim som no faa si Undervisning ved desse tvo Slags Skolar, men paa det, at her maa vera uplyste Folk i Landet med Læremidler at faa den.

No, dette utvordes Middel, som heiter Universitet, er vist værdsett for haagt; men for sams Folk maa der altid vera ei vis utvordes Uplæring i Handgrip og Fotslag. Der maa nokot Skole til. "Disciplin" maa der til for den beste, men han finn denne sjølv af Bøker og Sjølvtenkning, naar der er Prøvor upigjenom, som han maa afleggja. Her finst vel dei, som kunna leggja seg til denne aandelege Disciplin, denne Tankens Tugt, utan Prøvar og, men dette vil altid vera færre.

Mangt af dette kan no ellers vera som det vil, for der vil altid vera tvo Meiningar om det, so kan der likevel ikke vera tvo kloke Meiningar om den Ting; at Kravet til Mønsterkunskapen i eit Land ikke kan bli nedsett utan at me Alle fara tilbake til Villmannskapen. At auka paa "Studenteri" kan vera godt og vel, men er der ingenting annat at setja i Staden for det en Læregutar fraa ein "Folkeskole", so er der vist ikke stort vunnet ved det Bytelag. Du kan vera stød paa, at desse vardt meir kravsfulle og krye en Studenterne, naar det fyrst vardt trutt om deim, at det var dei, som hadde den største Uplysning af Landets Ungdom. "Naar den Fatike verdt rike, so verdt han Fa'n like" og "naar den Vesale fær Velde, so veit han ikke atter aa helde", er det sagt, og at Læreguten ved Folkeskolen maa vera arm paa Kunskap mot Læreguten ved Universitetet eller Studenten, det maa vel vera greidt.

Derimot kann der vera mangt fritt og folkelegt ved desse Skolar, som der ikke er ved Universitetet. Eit Universitet stengjer seg tidt inne eller ute fraa Folkelivet og Landskravet ikring seg og rotar seg in i ein daud Boklærdom. Det er vel ikke fritt for, at vaart Universitet og heve si Reim af denne Hud. Og derfor er det godt, at der kan vera Skolar ute i Landet ikring det, som kunna vera ei Motvigt. Men dette er nokot annat en at lægna Lærdomstonen i Livet og liksom mæla Kunskapsmønstret i tomme- istadenfor i alnevis eller at taka det halve Tvermaal (Radien) af vaar Jord til Lengdemaal istadenfor det sama Tvermaal af Jordbanen kring vaar Sol, eller at taka Kulefarten til Mælestong istadenfor Ljosfarten. Det er reint ut at predika Barbari.

Nei, skal der vera nokon Tanke om Framgang med vaar Lære om "Folkeligheit", Nationalitet og Fridom i det utvordes Riksliv som inne i Tankelivet, so maa vaart Krav til Kunskap og Aand vera grenselaust. Idealet eller Mønsteret maa vera reint. Den, som trur nokot annat, han er ein Faakunnig eller Ignorant, anten han er Poet eller Prosaist eller Læregut og Lærarare ved Universitet eller Folkeskole. Det er sovist som Gud er i Dagen.

 


Dølen No. 13. Sundag den 27de Juni 1869. VII Aarg. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad