Karneval

(Artikkel, 1867)

Av Aasmund O. Vinje

er ei Ordomsetning af det Latinske " vale caro" eller "Farvel Kjøt". Før Fasta skulde Folk hava seg eit Lag og slaa. seg lause for liksom betre at kunna halda ut den strenge Fastetid. Det ligg i Naturen vaar "at eta og drikka" som det stend, "for imorgon skulle vi døy". Sjøfolk tøma Vintunna og drikka seg fulle, naar Skipet vil søkkja. Og i Didrik af Berns Soga stend der om ein Mann, som burtførde Kongsdotteri, at han bad hena, daa Kongens Folk korn setjande efter for at taka hena atter og drepa honom: "Aa kjære vene! lat meg kyssa deg før eg døyr, so eg daa kan taka det med meg. " Og so hjelper det os til Aalvor at gjera Galskab fyrst; Holberg legg ein af sine poetiske Menn desse Ord i Munnen: "Eg er aldri so gudfrygtig som naar eg nylig har syndat." Kver, som har gjort nokot galer, vil finna at dette er so sannt som det er sagt.

Dette er den gamle katholske Tanke ved Karnevalet. Den gamle Kyrkja var klok. Ho tok gamle heidenske Lag og Høgtider og ga deim ein kristen Tanke, og sette liksom ein christnad Sving paa deim. Karnevalet er soleids dei gamle Romerske Saturnalier. Folk maa eingong om Aaret vera galne og slaa seg lause og snu up ned paa alle Ting. Dette Aalvor og denne Klokskap er ikki til at halda ut heile Aaret ikring. Dette er Karnevalets store Folketanke.

Og so var Karnevalet i ei ufri Tid ein fri Skjemt, som tidt kunde vera aalvorsam nok. Det var ein frisk Vindspust i den tunge kovne Luft for der stakkars Folk i den preste- og kongeridne Tid, at kunna eingong om Aaret liksom skaka af seg desse Ridarar. Karnevalet var ein Slags offentlig Kritik. Det var liksom Pressen for den Tid. Derfor vardt det gjort so, at Maska var heilog. Daa kunde Tenaren fritt skjemta med Husbonden sin, Bonden med Presten og Borgaren med Adelsmannen. Det var Mannahugens Trong til Javnskap og Retferd, som i den Tid var nøydd til at klæda seg ut og bera seg att som eir Narr. Det er likeins enno med dette, og det vil vel heller aldri verda anderleides en at det djupaste Aalvor maa liksom gjeva seg ut for Skjemt. Livet toler det ikki ellers.

Men dette er daa med Alt noko annat, og denne Folkekritik og Folkeskjemt treng no ikki lenger til Karnevalsform. I sjølve Italia, Karnevalets Heim, maa Karnevalstanken faa eir annat Uttryk, eftersom Landet verdt fritt og Kritikken kan koma fram i mindre forklædde Former. Derimot vil der altid vera somyket atter af den, ar Folk eingong om Aaret maa slaa seg lause, om der just ikki efter den større Uplysning lenger ligg nokon Upstiving til Christendom i dette Villstyre.

Eftersom eit Land verdt kaldt til, verdt Folk klokare og meir omtenkte. Der er meir Stræv for Føda i det kaldare Landet og dette slipar Tanken og gjerer Folk meir aalvorsame. Derfor ero vi Norske f. Ex. altfor kloke til at vera galne eingong imillom. Alt i Danmark er Livet lettare en her, og derfor sjaa vi og, at Kjøbenhavnerne ero so galne, at det er ei Lyst i det. Der er liksom Aalvor i deires Karneval, liksom dei og for Aalvor samanlikna Theatret med Kyrkja; og Cultusministeren gjerer Riksens Tilskot til Theatret til eit "Cabinetsspursmaal". Dette skulde bera til her! Vi vilde tru, at Riddervold gjekk i Barnsdøme, om han fann paa slikt.

Folkelyndet synes at fara efter Solvinkelen. Eftersom Soli gjeng paa skraa til, er Folk aalvorsame, og eftersom ho bratnar upefter, verdt Folk letlivade og barnslege, alt til ho stend beint upover Hovudet, daa Folk reint verdt liksom til Dyr. Macaulay segjer at den varme Sol "demoraliserar".

Engelskmannen seer aldri so ulykkelig ut, som naar han dansar," verdt det sagt, "han henger Armarne dinglande, stend krokutt i Ryggen og kalvebeint og seer ut i sit Minespil som ein Philosoph. Han grundar paa det han skal tala til si Dame om, og segia noko nytt til kver." Derfor er det sannt, det gamle Froissart sagde om der Engelske Folk: " ils s'amusent tristement." Dette sama gjera vi ber: vi gama os sørgmodigt. Vi ero i Slekt vi tvo Folk, og so er der tungt at liva i baade Land. Og so alt der Regn og den Toka som der er i England!

Daa Canova kom til Paris og ikki bildthogg Napoleon so godt, som ventat var, sagde han: "Frankrikes Kulde og skyfulle Himil elda mig ikki slikt up som Italias varme Sol." Og for dette kan heller ikki Franskmannen med alt sit Liv taka eit Karneval med den Ørska som Italienaren.

I Sud- og Vesttyskland kunna Folk slaa seg lause baade med Maskerade og annat Gap; men i Ausctyskland er Vintren for kald, og at der i Preussen har voret all den Philosophi kjem seg af det, verdt der sagt, at Berlin ligg paa ei Sandslett. "Hegel," segjer Heine, "kunde aldri hava tenkt slikt, havde han ikki havt Sand rundt ikring seg."

Der er ei Side ved desse meir nordiske Karneval, som vi med vaar skjeive Sol kunna slaa os paa, og det er at skalkeherma Kunst og Literatur; for vi ero med alt vaart Aalvor store Skjemtarskalkar. Der ligg ein Karnevalstanke i dette, og i det Karnevalet, som sist var, saag vi nok af den Tanken. Dei fleste Afmaalingar var ein stor Skjemt over ei Verdensutstelling og over mangt i vaar Maalarkunst. Der var Flyndrer og Tresko fraa Danmark, Punsch og Ordensleikor fraa Sverike, Torsk herifraa, ein Knut (Pisketamp) fraa Rusland og "Blut und Eisen" fra Preussen (ein efterspurd Artikkel for vaare Helstatsmenn). Og so var der til Skjemt for vaar Kunstmaaling ein Storm paa Maridalsvatnet so reint afskapt, og mangt i den Stilen. Og der var ein Fiskeheim, so Du gjekk reint som paa Havsbotnen og kunde tenkja som Fisken. Det var godt gjort af vaare skjemtefulle Maalarar alt dette.

Men vi taka endaa Alt for aalvorsamt. Vi forstaa ikki rett Skjemt i den Form. Slike Spotteverk (Carricaturer) finna vi for flate og grunde: Vi lika ikki at gaa paa Botnen med Fisken rundt ikring os; vi maa sjaa ned i det botnelause Djup og drøyma om den.

Kjøbenhavneren derimot kan "more seg" i eit slikt Karnevalsvæsen. Det passar for hans flate Land. Men vi med våre Berg, vi maa hava Afgrunnar. "Mennesket er naturbestemt," segjer Philosophien.

Desse vaare Fjell og denne vaar skjeive Sol er imot all tankelaus Leik. Vi tola ikki eingong Ordspil; medmindre det er vittigt, og knapt daa heller. Denne Sans for "Charader" og alle slike vilkaarlige Gaator byder os imot. Skulde ein stor Politikus koma med "Kjeldermænd" i vigtige Saker i Storthinget, liksom Ministeren Hall so tidt gjorde i den Danske Riksdag, so vilde vi tru at Mannen var ifraa seg. Karneval, Vaudeviller, "Kjeldermænd", taka vi paa ein annan Maate. Erik Bøgh kunde aldri vera ein stor Mann her som i Kjøbenhavn, endaa naar han kom med eit Stormannspas fraa Kjøbenhavn, so vilde vist efter gamal Skik vaare Damer og Kvendemenn og ellers veike Aander taka honom for ein Stormann, idetmindste for ei Tid.

Naar ein Mann kjem in utklædd som Stork f.Ex. med ei lang smal raud Nebb og lange raude Pinnar til Bein og Vengjer og Veie (Fuglehale), daa lær ein ærleg Kjøbenhavner og segjer: "Ih, Du store chinesiske Gud." Ein likso ærleg Norskmann stend derimot og kaldflirer aat slikt. "Den, som kunde vera Born, naar han vilde!" sukka vi so tidt.

Eg meinte ikki med dette at tala imot eit Karneval so eingong om Aaret. Det uphjelper so litt vaar Maalarkunst og gjev litt af seg til Kunstfolk. Og so hava vi godt af so med Maate at venja os til slikt og. Logens store Sal saag godt ud med sine mauriske Maalingar. Den burde standa slik ei god Stund framefter. Det kunde kanske heller ikki vera af Vegen at gjera ein Karnevalskveid eingong til for ein ringare Pris, solenge alle desse Maalingar og Prydnadar standa. Det er liksom at skrapa Gryta.

 


Vort Land (Dølen V) nr. 2, 17. mars 1867. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad