Luftsigling eller Folkefjuking

(Artikkel, 1869)

Av Aasmund O. Vinje

er so gamalt som nokot dertil. Men det vilde aldri lykkas. Den gamle Grekaren Icarus datt ned paa Sjøen, daa Vakset han hadde limad Vængene sine med, braanad burt af Sola. Og Olaf Svelgen datt ned paa Laavekloppa, daa han vilde fjuka af Lødutaket paa eit Bord, med ein Spade bunden til seg som Fugle-Vele (Hale).

Men so vardt det i denne nyare Tid funnet ei Slags Luft, som er lettare, en denne vanlege ikring os uppe i Lufta. Det er det sokallad Vasto, som er det andre To attaat Surto, som Vatnet er gjort af. Vatnet kan etter Kokelæra eller Chemi kokas up i desse tvo Luftslag, og naar so daa desse koma saman atter, so smella dei ihop med ein Varme, og det verdt atter Vatten af deim.

Naar no denne meir lette Luft verdt førd in i store tette Silkesekker (Balloner), so fara desse til Ve'rs. Og det er i desse dei binda ein liten lett Baat, som Folk kunna vera i. Dette er dei sokallad Luftballoner og Luftsigling.

Dei hava voret til in imot ei Mil uppe i Lufta med desse Balloner, og der var det so kaldt og Lufta so tunn, at det var raadlaust at liva der. Sola var berre som ei kald Koparskiva utan Skugge, og Folk valnad burt baade af Kulden og den tunne Luft, som og gjorde, at dei blødde Nasablod og vardt blodsprengde i Augom og under Neglom.

Annan Nytte en til at sjaa seg ikring og røyna alle Luftlag up igjenom var det ikke med denne Luftferd. Kom der Vind, so, vardt denne store Luftsekken blaasen hit og dit og tidt ut paa Havet. Det er hende mange Ulykker med dette; for der kunde ikke brukas nokot Styre som paa ein annan Baat i Vatnet. Lufta var for tunn, so der var ikke Tak i hena. Dei hava denne heile Tid i desse aatteti Aar, sidan denne Luftposen var upfunnen, tenkt ut etter nokot, som kunde likjast eit Skip eller ei Vogn. Det heve voret Teikningar af slike Ferdagreider i Bladom med Upskrift, at no er daa endeleg Luftskipet upfunnet. Men, det slog altld felt. Lufta var for tunn og let, maa vita, og Greiderne for tunge.

Men no verdt det skrivet om i Americanske Blad og gjort Narr af det i Engelske, at ein Mann i Kalifornia heve funnet ut ein Luftbaat, som verdt rodd fram med Aarer som Fuglevænger af ei Dampmaskine, som stend i Midten. Det kan og kallas ein Slags Luftfugl, for han flaksar seg up med desse Vænger og verdt styrd med eit Silke-Vele.

Dei braska og kyta fælt i Amerika af denne Fuglen, som kan flaksa seg fram ikring ei norsk Mil i Timen, men med so lita Tyngd i seg og berre i Stillveder, at Engelske Blad, som sagt, berre gjera Narr af den. Det er ellers dei, som tru, at ein nyttigt Luftskip nok kan finnas ut eingong. Kven veit? Franklin sagde, daa han i Paris (1787) saag den fyrste Luftballon: "Det er eit Barn, som eingong kan bli ein stor Mann."



Frå Dølen no. 19. Sundag den 8de August 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad