Maal, Musik, Diktning og Dans fylgjast aat

(Artikkel, 1859)

Av Aasmund O. Vinje

Gamalt Maal og Felelaat,
Dikt og Hallingdans:
desse fire fylgjast aat,
bundne saman i ein Ring,
lagde Folke-Panna kring,
som ein Brudar-Krans.
 
Dette hugskaut meg, daa eg rødde med Felespilaren Suckow fraa Bergen, som no er komen her til Byen for at spila og sidan fara til Utlandet for at læra meir. Han er kanskje vaar einaste Kunstspilemann, som ogso kann spila paa Hardanger-Fela dei gamle Stev og Slaattar. Det var Olaf Bull, som raadde honom til at leggja seg etter dette Folkespil; for Bull, som sjølv kann spila det attaat sit andre Spil, vitste, at det maa vera Grunnlaget for ein norsk Musik, og han raader derfor kver norsk Spilemann til at læra dette, forat dei kunna byggja vidare paa den Grunnvollen, han hever lagt og endaa bygt eit Kyrkjetaarn paa etter si makalause Gjerd. Suckow, som maatte hava ein Innblaaster af den sama Aandi, trudde paa Bull, og for at gjera. det til Gagns tamde (øvede) han seg upp paa Hardanger-Fela og foor Landet ikring til dei mest vidfræge Spilemennarne: til Mylnarguten, til Haavar Gibø, til Folkedal, Hildal og Uppedal og lærde af desse fraa fyrste Haand.
 
Sidan foor han ikring i sogodtsom alle Smaabyar og spilade til Folks Gledi, og no er han komen til Hovudstaden, og det er greidt, at denne som vanleg best vil vita at skyna paa det fedralandske.
 
No ja, det var just ikki dette eg mest vilde tala om, men det var om den Ting, som kanskje Folk ikki nok hava merkt seg, at der Maalet er gamalt og godt, der er Visediktning og gamalt Felespil og Dans deretter. Dette kann paavisast ved at fara Landsbygdarne ikring. I evri (øvre) Thelemork er det rikaste Maal, og der er dei fleste og beste Folkevisur (sjaa Landstad og Bugge) og dei beste Spilemennarne (Mylnarguten), og der er den gamle Dans mest aalmenneleg, endaa Hallingen er betri i Hallingdal og Numedal og allrabest paa Voss, om enn Maalet ikki er so godt, undantekjet i Hardanger, der det hever mange betri gamaldags Former, og ei meir gamalnorsk Uttale, so at Hardanger i dette er den mest forne (antike) Bygd, og derfor isaman med Voss og Sognamaalet burde vera Mønsteret for norsk Uttale imindsto, om det enn kvaarki der elder i Hardanger er so ovrikt som i Thelemork. I Sogn er ogso gode Spilemennar, men ikki slike som i Hardanger og paa. Voss og i Thelemork. Det samstavast derfor ikki denne Manns-Alderen med Samhøvet af desse fire Ting i alle desse forne Bygdarne. Paa Voss dansast kanskje best, og der er godt Spil, men der er færre Visur. I Hardanger er heller ikki so mange Visur, men godt Spil og god Dans. I Thelernork er Maal og Visur og Spil rikare, men Dansen er ikki so lett −kanskje undantekjet i Tinn og sumestads i Selgjord, og so er Uttala skeiv i mange Ting, f. Ex. at l verdt til d, sosom [1]) fudd for full, og mange forne Former ero slitne ut, f. Ex. Helvti af Infinitiverne enda paa e istadenfor paa a, sosom ride for rida.
 
Nordetter i Fjordarne og paa Sunnmøre og Nordmøre er Maalet i mangt og mykit godt og rikt, men Uttala er ikki rein, og Visur og Spil og Dans er ikki so livande sorn paa Voss og i Hardanger. Det minkar af nordetter, til dess Ein kjem i det throndheimske, der Folkespilet er bytt om med Triturar" og "Rilar" og slikt Halvkauringskap. Dansen er deretter. Folkevisur ero sjeldne, om dei finnast paa god gomol Gjerd, som eg ikki vist veit, men kann ikki tru. Maalet hever sume gode Ord hangande atter, men Uttala er urein, og Ord-Endingarne ero utslitne. Soleides ero Infinitiverne ikki som paa mange Stadar berre veiknad paa, men heilt upp slitne ut. "No vil eg les og skriv", segjer Throndheimingen, ikki som rett var: lesa, og ikki eigong skrive, som Thelen halvt segjer.
 
Ein lærd. Mann (eg trur ein tysk) segjer, at den største Ulykke for eit Folk er at missa sine Infinitiver, for det visar, at Folket hever sigjet ned i Barnedømet, so det ikki kann halda Tankjen fast i den aalmennelege Form, men maa tala som Barnet. Soleides gjekk det Grækararne, men daa dei fingo atter sin Fridom, fingo dei sine Infinitiver med.
 
No hever Thrøndelagen havt sin Fridom i fem og fyrti Aar, men ikki fengjet atter eit einaste Infinitiv. Ja sjølve upplyste Storthingsmennar derifraa sitja her i Storthinget infinitivlause. Det er no det daa, maa tru, at dei kluddra seg fram i Bokmaal.
 
Det er norsk Fridom! Og norske Infinitiver! Infinitivet merkjer det uvisse og endelause i Tankjen og Ordet, som talar honom ut.
 
I dei indri og austlege Dalføri af Thrøndelagen brukast daa Springdans imindsto ikki lengi sidan, og likeins i Granne-Laget det nørdri Øysterdalen, der ogso Folkevisur syngjast, men mest svenske, som ved Handels-Samlaget koma inn. Vi sjaa ogso i "Ei Fjøllbygd" af Østgaard, at mykit enno henger atter af den gamle Thjodskapen i Dans og Leik og Maal, om enn dette hever mist dei gamle Tviljod (Diphthonger) og blandt annat i veiknat til e sosom Lit til Let (af lita, at sjaa, Farve). Det er soleides ein Millomstad, ein Yvirgang fraa gamalt til nytt, som Østgaard so godt hever skildrat.
 
Det var for ein god Manns-Alder sidan ein Folkediktare der uppe (Vangen), men Visurne hans ero midt imillom Folkemaalet og Bokmaalet, liksom dei fleste af Thormod Knudsens i evri Thelemork; men Thormod hever sume, han, paa reint Maal so, gode, som dei finnast, og so hever han andre paa reint Bokmaal, sosom hans væne Song yvir Diktaren Zetlitz. Thormod vox upp i god Jord, han, utan Blanding al Raudsand og kaldsur Myr, som alt maa visa seg paa Vokstren.
 
Numedal, Hallingdal og Valders ero derimot gamle Bygdar i Maal, Spil og Dans og nokot af Dikt; Maalet er no ikki fullt so rikt og reint som i Thelemork og Hardanger og Sogn, og Diktningi er langtifraa so god imindsto som i Thelemork, men Spilet i Numedal og daa mest Dansen er der tidt betri.
 
Gudbrandsdalen derimot er ei rein Yvirgangsbygd: der er godt Maal imindsto i sume ovgode Ord og forne Former −sosom alle tri Kyn i Talordi tvo, tvæ, tvau −men ein stor Ordmengdi er tidt ukjennelege af Uttala, og somykit fallet burt og ombytt med dansk. Visur er der nok ikki stort af; men i Landstads thelemorkske Folkevisur stend ei god ei af Hougen fraa Vaage, som no er Skulelærare paa Nes paa Heidemork. Felespil og Dans er nok derimot gløynit og nytt komet istaden.
 
I Fjordarne inn fraa Stavanger er ogso Maalet rett godt, men afstytt og omljodat i Uttale og blandat upp, endaa mange Former ere, tidt ovgode; likeins men mindri godt verdt det sudetter Jadren og heile Leidi til aust mot Christiansand, med den merkjelege Omslengjen, at Tviljod ero, men Consonanterne verda mjuke: blaud for blaut, veid for veit osv. Ein kann segja, at Maalets indri Liv er godt, men det ytri flekkesjukt. Der er Lund (Melodi) og Ljod i det; og til lengri Ein kjem upp i Fjølidalarne, desbetri er det, sosom i Aaserall.
 
 
I Sætersdalen er alt godt, men Uttala er nokot urein; og er der ikki mange gode Visur, so er der somykit fleire Rennestev. Alt som Ein kjem nedetter til, minkar baadi Maal og Visur og Spil og Dans, til dess Ein kjem austigjenom Nedenes, der alt sogodtsom er utslitet og nye Bøtar sette inn paa det folkelege Plagg.
 
No ero vi komne til Rilarnes og −tenk −endaa Françaisernes Land, der Dans er vorden Bal, til Korga-Kjerling-Diktningis Land, til Tvitolen millom Danmark og Noreg, til dei store Flatbygdarne, til det rike og "kultiverede" Land med "Proprietairer", og "Conditionerede", til dette gode Austland, som endaa hever somykit Norsk i seg, naar Ein seer vel etter, at det kann vekkjast upp atter til eit gamalt og klaarnat Liv, naar kver gjerer sit. Imindsto finnst der mange Bygdar med mykit norsk Maal i, sosom Thoten (som enno hever mange Dativ Pluralis: Hestom osv.); Vinger, Odalen, Nes, Urskaug og somestads i Smaalenene, der u verdt ö,sosom i dei mange Gards-Novn, Rød istadenfor Rud, al rydja, rudde, rudt (rydde op).
 
Eg hever ikki rudt nok upp i dette, dertil er mi Kjennsla enno forliti, daa eg ikki hever voret paa alle Stadarne og seet og høyrt etter, men maatt lata meg nøgja med Spurning og Tale med kjende Folk. Kann derfor nokon retta paa dette og gjeva fleiri Upplysningar, vilde vi alle vinna, og det er ei Sak, som fortener det, skulde eg tru.
 
Her verdt utgjevet Kort yvir Landet, som visa Bergslagjet og Jordskyndi, skuIde daa ikki eit Kort yvir Folkelivet, som rører seg uppaa Berg og Jord vera forvitnelegt (interessant)?

[1] I Hardanger segjest enno fudt, likeins paa Istand, og det er vist gamalnorsk Uttale; men i Thelemork hava del gjort formykit at det gode og tekjet den andre <> l'en ogso med til eit d og ikki nøgt seg med at hogga Inn paa den eine. Soleides alle slike Ord: Fjødd for Fjølt (Fjødl), Kadd for Kall (Kadl) osv.
 

Dølen 1. No. 33. 5 juni 1859. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad