Olaf Bull reiser til Heidemork

(Artikkel, 1858)

Av Aasmund O. Vinje

Olaf Bull, som har faret saa vide i Verdi, havde ikki voret paa Heidemork, etter han vard den navngjetne Mann, han er, og daa Upplandsfolket ataat gjerne vilde sjaa og høyra denne vittfrægde Spilemann, so gjorde han denne Reise, som eg no vil fortelja om.

Det var tri Dager etter Krossmes, at Bull med fire fem af sine beste Vinir og Kjendingar reiste fraa Christiania uppigjenom Landet paa Jernveg og Eimbaat (Damp), som vi no her hava faat istadenfor den gamle Køyring og Roing med sit Slit og Stræv for Folk og Fe. Bull spurde etter Landet som vi fore igjenom som fjukande Fuglar, for han har ikke gløymdt Folket for Fela si, og naar han saa store vene Gardar, som der paa denne Leid er mange af, og naar han høyrde, at Folket var klokt og godt og strævsamt og stelte vel med si Jord og Husstel, so vardt han so glad som Barnet, naar de fær Leikur. Det er hugsamt at fara med ein Mann, som er forviten om Alt, og vil alle Mann vel, og vitug og ordhag ataat som Bull.

Daa vi vare komne til Hamar, fylgde vi Mannen paa Sælid upp til hans gilde Gard ved Akersvika; han havde voret med os paa Vegjen han, og nokre av Kjenningarne hans. Det vardt Lag for Bull aa Sælid om Kvelden, som Øvrighet og neraste Kjenningar og vare inbodne til. Det var gruskt det Laget; mangei Skaal ble tømd og mange Taler haldne. Der faldt mange vituge og snjaale Ord der, med eit og annat Visvas og Tøv imellom. Det kan no ikki vera anderleids, helst naar Ein drikker over Torsten sin, som altid verdt gjort i slike Lag. Alle ere no ikki heller like munnhage og tanketunge; men slike Folk tigja mest stille, og det gjorde dei og der. Vi kveiktes om Morgonen med Mat og Drikke; vi finge Baadi Kvelden og Morgonen Vin med Skumhat (Champagne).

Kvelden etter skulde Samspilet (Concerten) vera paa Hamar i den største Sal, som endaa vardt forliten, paa det sokaldte Hamarslyst, som ligg upp i Bakken og ser nedpaa Byen og utover Mjøsen. Olaf Bull var i godt Huglynni den Kvelden for det gode Mot (Møde) med Hurra og Tak og for al den Kjærleik og Ære han havde funnet. Han spilade so, at Folk mest var ifraa sig. Kvende kastade Blomster paa honom og Mennerne skreik Hurra. Og Bull svarade med sit Liva for "Norigs Blomst, det vene Heidemork". Lundarne til vore Viser og Stev og vore Feleslaattir kan Ingen høyra med hart Hjarta, naar Bull spilar deim. Det tek Ein i Merg og Bein, lettar Ein liksom i Haaret, og ein Skjelv fer igjenom heile Likamet. Tonarne ere liksom ihopsette af vore Forfædres Aander, der koma atter til os og læ og graata, eftersom det er til. Han er ein velsignad Mann, denne Bull'en; Gud lat honom lenge liva!

Om Kvelden daa vi koma ut, var der vent paa Hamar: Maanen skein paa den stille Mjøs, der glimaade som eit Skuggsjaa (Speil) og kastade Geislet (Straalerne) inn paa dei blømande Kinn af det rike Land, som alt daa laa og svav ned mot Fjordens Moderfang. Ein Stubb af den gamle Visa mi rann meg i Hugjen:

Og up fraa Mjøsens djupe Grunn
seg hæver Helgaøya:
Den er so rik, den er saa rund,
den er som Barmen paa Møya.

Det er eit velsignad Land dette. Gud geva, at Folket altid maatte vera so godt som Landet sit!

Om Morgonen gjenge vi ut paa det gamle Hamar og saa Kyrkebogarna, der stode "som Kjempens Knokar af Mulde" og al den Moll og Grus, denne gamla Storleiken laa i. Dei hoggne og meislade Steinar ere enten brende upp til Kalk eller førde bort til Murar under Fjos. For Fefoten ligg det Alt. Det er nokle Grisir af Folk.

Dagen etter reiste Bull til Litlehamar og kvilade der om Kvelden likso godt som paa Hamar, og Folk bar sig likeins aat og skreik eit Hurra paa Brygja. Litlehamar er og ein hugsam og ven liten By: den ligg liksom paa den blømande Lippa af den ættstore Gudbrandsdalen.

Den andre Kvelden spilade Bull paa Hamar, for allle hadde ikki faat høyrt honom første Kvelden. Til den Kvelden havde ei hændig Jente fraa det gamle Husabø saumat af Blomar ein Krans, som vard hængt paa Væggjen, og som der stod med Smaablomar i: "O. Bull lever". Dei Kvende finna no aljamt paa det Beste, dei.

Etter Concerterne og dei andre Kveldar og Dagar var der Smaalag for Bull. Folk trængde sig om honom og vilde gjera honom det beste dei viste. Menneskerne ere taksame dei mot det, som er stort og godt, naar dei berre forstaa det.

Den sjette Dagen kom Bull atende til Christiania. Det var ei Reise, som hverken Bull eller dei, som vare med honom eller dei gilde Folk paa Uplandet so snart vilja gløyma.

Det er ikke nok med det, at Bull spilar makalaust, men han er den Første, som med Kunst har brukat og vekt upp atter vor eigen Musik. Dette er det Største ved honom, og det er i hans Forfar Hverein maa gaa, som tænker paa at spila og digta Lundar (componere) so det leikar i Folkehugjen. Det har gaat og gaar med Musikken som med Maalet. Vi laana af Andre og gløyma vor Eiget, som er det beste.

Til meiri den Bull'en spilar,
desmeiri han høyras maa:
Hans Toni fraa Strengen silar
som Dogg ifraa grøne Straa.


Lund = melodi.



Frå første nummeret av Dølen, 10.10.1858. Henta frå A.O. Vinje. Dølen. Eit Vikublad. 1858-1870. Utgåve ved Reidar Djupedal. Band 1. Oslo: Noregs Boklag 1970. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad