Professor

(Artikkel, 1866)

Av Aasmund O. Vinje

er efter Navnet Ein, som gjev seg ut for at kunna nokot og so lærer i dette. Det er altso ein Meistare, ein Lærare i eit eller annat, men mest i Boklærdom, endaa der er Professorer f. Ex. i Maaling og jamvel i Kunstriding. Blondin er Professor i at ganga paa Line. Her døydde ein Svenske nokre Aar sidan, som het Kuust. Han var professor i Destillation. Han gjorde Vin og Punsch osv.

Det vardt paa siste Storthing afgjort, at alle Menn ved Universitetet med kongelig Ansættelse skulde heita Professorer og at soleides det gamle Lectornavnet vardt aflagt. Tanken med dette gjekk ikki vidare. Men no kravde Poeten A. Munch Professortitel, fordi hans Poetpension fekk den Omskrivning, at han varde kallat Docent. Det var eit pyntelegt Uttryk dette for Tanken, men det var Ingen, som trudde at han skulde eller kunde lesa over nokonting. Og det var daa og ein Mann, som sagde, at han het Docens a non docendo. Daa no derfor Poeten kom med dette Titelkrav, vreid nok Collegiet seg, men det tenkte vel som so: Aa ja, lat mannen faa Titelen, det er ikki faarlegare med det.

Det er imot vår Grunnlog dette, sagde ein Mann til meg; for der stend det, at Ingen skal hava annan Titel en Embættet fører med seg. Aa nei, meinte eg, det rek vel Ingen dette so aalvorsamt; der høyrer berre in under Ridiculen eller Aatløgjer. Du skal sjaa, naar dei ero komne in paa dette Skraaplan, at der ikki endar før Pedelen og verdt Professor.

Men, der er ei aalvorsam Side ved denne og andre Aatgjerder af Styret for Universitetet. Naar no nokre af desse eldre gilde Professorer falla fraa, og alle desse Stipend verda ansette, so verdt Lærarpersonalet ved Universitete vitenskapelegt Proletariat eller Fatikfolk, som Nationen just ikki skal sjaa up til med Vyrdnad. Der finnst snart ein Mann med Talent, fær det Lov til at ganga den Vegen det stevner. Den eine Sælingen hjelper den andre; for det den einaste Maaten han sjølv kann koma fram paa. Det er kanske fortidlegt enno at ganga desse Folk igjenom for Mann; for Systemet lyt mogna, men at der kjem Reikenskapsdag, det er vist; for det maa vera Pressens Pligt at sjaa endaa betre efter, at her verdt flinke Menn ved Universitetet, en til andre Embætt, daa Universitetslæraren ikki aleine er af den største Vigt her heime, men og Landsens Ære likeover for Utlandet.



Frå Dølen IV nr. 52 7. oktober 1866. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad