Skaaltale for Johan Sverdrup

(Artikkel, 1869)

Av Aasmund O. Vinje

i "Festen til Fædrenes Minde" 1869.

Godt Folk!

Han sagde til meg Theis Lundegaard, før eg reiste her in: "Du maa ikke bli for klok, og ikke for dum heller".

Ja der i ligg det, at vera midt imillom. Er du for klok, so bryter du med for mangt og for mange. Og er du for dum, so er ikke heller det godt. Det er Tversummen, som du altid seer kjem lengst f. Ex. blandt Embættesmenn. Verde derfor ikke for kloke, Gutar!

Denne Mannen eg no vil drikka for, er og i Grunnen altfor klok. Det er Sverdrup. Han er ein Stridens, og, om de so vil, ein Partiets Mann, so der naturlegvis er mange Meiningar om hans Værd, og eg vil ikke her døma i den Sak. Men, at han er den mest dygtige Storthingsmann, me hava havt, det maa vel Alle vera med paa. Eg høyrde i England Gladstone og Palmerston, men sosannt som nokon Ting, synes eg Sverdrup talar betre. Hans Skaal!

 


Dølen VI. No. 47. 21de Februar 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad