Skidløyping

(Artikkel, 1868)

Av Aasmund O. Vinje

vaknar no som ein og annan Leiken up atter. Det er denne gode Tanken i denne Nyare Tid, at den meir og meir fær Auga for mangt af det Gamle, som var betre en Mange for ei Tid trudde. Folk koma no etter, at Skrotten liksovel maa faa sin Tame (Øvelse) som Tanken sin. Dette By- og Bokliv, som paa mange Maatar gjere Folk kloke, bryte tidt Helsa ned, og gjere, Kroppen veik og Tanken turr. Og derfor er det so klokt gjort, at By- og Bokfolk taka til at tenkja paa Landsens Arbeid og gamle Leikar.

Her var no om Sundagen eit Skid-Ak her in med Byen. Og her er eit Samlag med ein Aarspenge til Præmier eller Dugløn for dei beste Skidlauparar. Og dette Kapplaup er lagt til Dagane etter Christiania Marknad, daa dei fleste Folk fraa Landsbygdane ero, her inne. Og naar slikt verdt spurt og meir aalmennt, so kjem vist mangein Skidlaupare her in forat vera Kar og faa si Løn for det.

Det er ellers ikke alle Vettrar her er somyket Snjo som i Aar, so det er slikteit Skidføre. Her paa Aust og Flatlandet er jamleg forlitet Skidsnjo, og derfor er det greidt, at dei beste Skidlauparar ero fraa dei største Snjobygdar. Slike Skidlauparar som i Thelemork heve eg ingenstad seet, og dette kjem af det, at der er, sovidt eg heve merkt meg, den tykkaste Snjo. I nordre Øysterdalen er der og tykk Snjo, men ikke so tykk som i Thelemork og derikring, og derfor ero heller ikke dei øysterdalske Skidmenn so flinke som dei thelemorkske, med alt det, at dei ero meir navngjetne, blandt annat fraa det øysterdalske Skidlaupar "Corps" fraa Krigstider.

Det visad seg og ved dette Skidlaup, at dei tvo Mann fraa Thelemork (Kviteseid) vaaro dei beste, idetmindste den eine og eldre, som vardt dømd for at vera makalaus. Eg saag honom ikke, men at døma etter Skidbakken med sine Hopp, so var det smaatt mot dei Skidlaup eg saag i min Ungdom der uppe. Ikke for det, at eg saag nokon standa stort større Bakkar og hægre Hopp, men etter det eg høyrde af eldre Folk, daa Skidrenn var meir i Bruk som Leik jamvel for eldre Folk, so, var dette reint Barnaverk. Der er Skot og Kast (der dei renna Timber) og Fjellsidor so øgjeleg store, at det seer ut som eit Æventyr, at nokon Mann stavlaust kunde standa der. Og mangt er vel Æventyr og, f. Ex. om Askeir Hegtveidt, som stod Flekstveidtskotet med eit Reivebarn i Fanget. Det er ikke fullt so utrulegt, at gamle Hermod Aaland stod Vinjekastet og slengde tri Reipshægter (Rundslyngninger) i Farten ned paa Isen. Dei kunde leggja Skraabru frampaa Hus i bratte Bakkar ok fara utover Steinrøysar sine ti Alner haagt og over tretti Alner i klaare Lufte som fjukande Fuglar. Men om Snjoen var sine tri fire Alner djup, so du datt som ned i Dyna, so var det likevel niangein som skamslog seg eller slog seg reint ihel. Og eg minnest Fa'r tidt riste paa Hovudet aat denne gamle Skidløyping, og bad os Smaagutar at fara varlegt fram og ikke finna paa slik Afgudom. -

Dei unge Læregutar paa Krigsskolen (Cadetter) stode nett og rett. Og det kan ikke vera Tanken med slikt Skidlaup at vaaga Liv og Lemmer i store Bakkar og haage Hopp, men at semja seg up og gjera alt det yndefullt, og so temja seg upp til i Krigstid at møta fram likso lett paa Skid som Fot.

Det er faae Ting, som teke deg meir i kver Led og Ledamot en at aka paa Skid. Det er so Sveitten hyljar af deg.

 


Frå Dølen No. 3. Sundag den 16de Februar 1868. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad