Tale for Kvinna

(Artikkel, 1860)

Av Aasmund O. Vinje

(Ved Femtiaars-Festen for "Selskapet for Norges Vel").

Naar dei gamle, evige Gudar i Heimen sin havde talat, og der vardt kjeidt og leidsamt i Laget, so kom Loke med sit Løgi til Lyst og Leik; og eg kjem her.

Det fall i min lykkelege Lod at frambera ei Skaal for Kvinna; men dette gjæve Selskap maa ikki tru, at eg bildar meg inn at kunna segja det nokot nytt om Kvinna, Æ€“ eg Sveinkallen (Pebersvenden), som eg paa Prent endaa er kallat alt for eit Aar sidan. Men skulde endaa eg raaka til at tala eit sannt Ord i denne Sak, so maa det koma seg af den Grunn, at Folk tidt tala best om det, som dei mindst kjenna til. Dei, som ganga i Svevnen, ganga tryggaster, og fulle Folk segja sannaster. Æ€“ Derfor høyra vi ogso, at unge Gutar tala i poetiske og, som det skal vera, tokutte Talemaatar om Kvinna. Det er no med dette komit so langt, at det er ein sann Cultus, ikki ulik den hinduske, der Folk sjaa ende til Vedrs og segja "Ohm!" "Ohm!" eit Ord, som nok skal merkja i seg alt, Sol og Maani. Skaali for Kvinna verdt framsett og tømd som Svensken so varmt segjer, med "klappande Hjarta og darrande Lippor".

Eg kann ikki tala med denne Eldhugen om Gjenta eg, endaa eg er Sveinkall! Det maa vel vera det Nationale i meg, veit eg, som gjerer, at der gjerne maa vera nokot tvieggjat i mine Ord. Ljose og svarte Alfar maa dansa kring kverandre. Mange tru no vel, at denne Kulden min maa koma af, at eg ingi Kvinna hever fengit. Men, det er ikki for den Skuld!

No ja, det var Kvinna, vi skulde tala om. Men den beste Tale, naar ho var til Stadar, vilde vist vera den, at glo paa hena, tigja still og sukka med tvo store Dropar i Augom, som det stender i Komedien. Slik Tale likar Gjenta best, for ein slik veltalande Mann verdt Kjærasten hennar framfyre den, som brukar dei fagraste Ord. Gjenta vil, at Guten skal liksom brenna inne! Ho vil hava det Røynlege (Faktiske) ho.

Og det er rett. Det er ho, som skal vera Husmoder og laga i Gryta, og der skal Kjøt til det. Ho maa hava det, som er litande paa, det "Solide".

Af dette koma mange af vaare vrange Domar om Kvinna. Det er Naturen, som ho fylgjer. Ho maa hava nokot, som er takande og sjaaande paa. Eg høyrde soleides eigong ei mykit gild Gjente segja, at ho var so glad i Hermenn (Officer) for dei raude Listarne paa Klædom, at ho gjerne kunde kyssa Sabelen!

Men endaa trur eg ikki, at det vilde vera godt at vera gift for den Mannen, som skulde ut i Krig. Kona, stakkar, som heime sat, vilde beda honom at vera rædd for Livet sit. Og derfor sjaa vi ogso, at dei, som skulde strida for ei stor Sak, ikki maatte gifta seg. Vi kunna berre som Exempel minnast det, som Pave Gregor den VII paabaud. Nei, det er Sveinkallar liksom eg, som skulle strida for store Ting. Vi hava so litit at tapa, og vi hava so litit Hyggje heime, at vi likso godt kunna vera burte.

Naar derfor Skandinaver sosom Ploug tala varmt om, at vi skulle faa Kvinna paa vaar Side, so kann Meiningi berre vera den, at daa komo vi ikki til at strida.

Kvinna er derfor Fred, endaa gifte Menn tidt segja nokot annat!

I denne vaar Avisstrid med Sverike burde vi derfor ogso faa den svenske "Flikka" med os. Naar Kvinna seer ein af desse dundrande Avisartiklar, so er ho paa sit arme Liv, naar det er nokon af Folki hennar, som er ute i Hardskavingi.

I all Strid og alle Tankar vil Kvinna sjaa Gagnet af det alt. Derfor song eg ogso ibland annat. Eg maa herma mine eigne Ord, endaa eg tidt fær høyra ille for det, og det er no ikki kver Manns Vis helder; men eg hever ikki gamle Skaldar at taka til, eg, men lyt gjera det sjølv, skal det verda nokot af det. Eg kvad altso:

 

Dersom du ein Kjærast hever,
fær du likeins same Baten:
stødt ho med det same grever:
Kjære, kjære, tenk paa Maten!

Kvinna er Gagnet, ho.

Og vi trenga til ein slik Minnare om det gagnlege, af di vi fjuka so haagt i Gagnløysa og Tingløysa (Abstractioner), at det gjenger os som Sæmund Frode fraa Island, daa han laag i Holland og studerade. Han grov seg so inn i Bøkerne, at han gløymde kvar han var ifraa, til dess der kom ein Islending og minte honom paa det. Likeins var det i alle Drykkjelag. Mannen drakk seg full og stolade paa, at Kona skulde segja honom til, naar han kom paa Afveg.

Og so eiger Kvinna endaa ei Dygd fram om os: ho elskar. Vi elska nok, vi ogso; det faa vi Sveinkallar kjenna, som altid elska og inkje faa. Men det er paa ein annan Maate. Vaar Kjærleike er som Skapnaden vaar, lik Ræfuglen med Skinn og Bein, med Sinar og Segar (Muskler) og krokutte Nebb og Klo. Det er den harde Magt, som elskar; medan Kvinna elskar, som ho er skapt til, lik Bylgja, som trillar paa det kolblaae Hav i sit afrunde og endelause Mønster for all Vænleike. Det er so Augo maa vatsrenna af at sjaa slikt.

Kvinna er altso ogso Kjærleike, endaa dette er dauvt og dovit (flaut) sagt, af di det er sagt so tidt fyrr.

Det er tidt sagt og vist med retto, at eit Lands Cultur kann mælast etter den Vyrdnad, som Kvinna nyter i Samlaget. Men eg trur, at den nyare Tid gjerer vel mykit af denne Dygd. Paa Landet heiter det, at Mann og Kone er kver sin Meid under Livets Slede, og derfor segjer ogso Ekkjemannen so saart: "Det er tungt at køyra, naar den eine Meiden er undan." Men det nyare Husstell hever gjort, at Kvinna ikki fær bruka sine fagre Hender paa rette Maaten. Det gjæve Selskap maa ikki tru, at eg vilde sjaa Kona mi kolutte og oskutte fraa Kjøkenovnenl Men eg trur endaa, at det Husliv og Stell, som no er hjaa dei "fine Folk", er ein Brest i Culturen vaar, som eit so godt Selskap som dette kannskje kunde hava godt af at tenkja yvir. Kvinna sjølv er ikki eigong tent med, at det gjenger so fagert til, for ho verdt so dyr, at det er faae, og daa mest gamle Krokar, som hava Raad til at eiga ein slik Prydnad. Vi Mannfolk ero nok mjuke og "lækre", men det er som eg kvad:

 

Vi kring Stolen stod, der Gjenta sat,
harmfull, stakkar, Lippa si ho biter,
for at ho som gamle Gudar siter:
Offerrøyk ho fær, men ingen Mat.

Her er kannskje meir Aalvor i dette, en mange tru. Men vi maa lida med vaar Tid, og byggja Hus for "eldre ugifte Damer".

Det er no ikki for det. Eg svermar ikki for at gjeva Kvinna full Manns-Rett (Emancipationen). Eg likar endaa Sprike-Stakken (Krinolinen) med Maate. Men eg vilde, at vi Mannfolk skulde tenkja paa denne store Sak, for det er i sin siste Grunn vi, som ero Skuld i den Daarskap, som vi tidt anklaga Kvinna for. Ho er, som vi vilja hava hena, ho. Vi gjera hena til ei Dokke, eit Sælebotsmenneske, og til det er ho for sterk og frisk og god. Var eg Kvinna, so kunde eg verda heit og harm for slikt. Ho er ikki hjælpelaus, naar ho fekk Raaderum til at vera, som Naturen vilde. Lat os drikka paa, at Kvinna fær sin rette Vyrdnad, ho den beste, som maa tola med os Vetrekulden og Vaarbløyta og leita etter Vatn i turre Bekkir. Men fyrr vi drikka paa dette, vilja vi syngja ei Vise, der eg hever gøymt det beste al mi Tale til Kvinna, det at ho med alt annat godt ogso er fager:

 

Vi alla Kvinna lika,
som Livet fyrst os gav,
og varmt paa hena blika
om Synet dinimest af.
Naar Venleik' kom til Orde,
daa Gjenta Prisen bar:
Det siste Herren gjorde,
det ogso Kvinna var.

Dølen II. No. 11. 1 Januar 1860. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad