Tale for Skolemeistarstanden

(Artikkel, 1868)

Av Aasmund O. Vinje

Godt Folk!
Up paa det ufrugtbare Grunnfjell finna Jordkunnige, at der ligg Lag paa Lag af serskildte nyare Bergslag, det eine paa det andre, rett som du paa Skuren i Fleskeskinka kan sjaa Render for kver Gjødning af Grisen, naar han ikke livde jamgodt men hadde sine magre og feite Dagar, han og stakkar. Det er netup likeins med Stender og "Institutioner" og Meiningar i Verdens- og Tankelivet. Det eine ligg paa den andre upetter med sine Overganger og liksom Groningar fraa det eine og in i den andre, so at den som kjenner Historien, kan af Tversnittet i denne Skinka sjaa Lag paa Lag, Gjødning paa Gjødning. Eit slikt Lag eller "Gaar", eller Meit eller Stratum er og Skolemeistarstanden, som er voksen uppaa og liksom ut af Prestestanden. Presten var og fyrst Skole lærare. Han og Klokkaren, Hjelpemannen hans, vaaro dei einaste i Soknet for ikke so fælt lenge sidan. Men so kom der fleire til; for dette vardt for faae, og der er enno nokot atter af Prestens Skolemeistartanke i hans Prediken. −Hans Messing høyrer til nokot annat, til den sokallad Cultus. −Men no daa her er so mange og so gode Skolelærarar, so kunde Presten tidt spara seg for soleids at vera Skolemelstare, og det er jamvel sjeldan, at han burde faa Lov til det paa den heilage Staden, med mincire han var ein Mann med den største Magt i Ord og Tanke. Det er so det tidt er mest bespotteligt at høyra stakkars Sælingar standa der og predika. Lat han og alle slike Folk vera rett og slett Skolelærare. Vaar Tid stevner mot det, at Skolemeistaren afløyser Presten, og me ero i Grunnen Skolemeistarar allesaman. Lykke for Skolemeistaren.
 

Dølen VI. No. 21. 21de Juni 1868. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad