Ustyr i Storthinget

(Artikkel, 1866)

Av Aasmund O. Vinje

Det tek meir og meir til med Ustyr i Storthinget. No denne Vika var det og ei af desse "Scener" atter. Det er no ikki so faarligt med det, men vi ero so litet vane med slikt her, at mange støde Folk forarga seg over det. Vi ustøde Folk synes ofte der ligg eit godt Skjemt i dette, at eldre "ærværdige" Thingmenn ikki ero betre en andre Folk, naar der kjem Eld i deim; og mest maa vi Bladskrivarar synes at det er gildt; for vi faa gjerne Ord for at vera grove i Munnen og illsinte. Naar so vi kunna skjota til slike Kultar som Schweigaard og Sverdrup og Hammerstad no denne Gongen og Schweigaard og Richter sist der var "Optrin", so ero, vi frelste, og ingen skal lenger kasta os i Nosi Vant paa fin Framferd og Folkeskik. Ja, det er eit sannt Ord, at vi Alle ero veike og skrøpelege, at Mennesket er eit stakkars sinnat Ting, og at vi ofte, som det helter i Prestemalet, gløyma den som skapte os.

No vel! Lesaren maa ellers ikki tru, at det var saa faarlegt med dette Thingtaket, som det efter desse Ingangsord kunde sjaa ut til. Det var her i denne "Indkommanderings"-Sak, som der er stridt so heitt om, at Schweigaard i kvasse Ord meinte at dei, som vaaro imot denne Sak tenkte forlitet paa Landsens Framtid og forsømte si Pligt. Han var den, som reiv Eid i Fyrstikka. So svarade Sverdrup som Formann i likso kvasse Ord, at Schweigaards Tale var utilbørlig, og so svarade daa Schweigaard, at han ikki vilde svara paa slikt for ikki at setja Thinget i "Opløsningstilstand". Daa bar han alt til at kolna, og so var det over med den Hita, endaa det var i Samanheng med sama Striden at Hammerstad "vilde sverja paa, at der var Baktankar" med denne Indkommandering, og den største Baktanken maatte daa vera den, at der var meint paa lenger Indkommandering, naar den første kortare var gjengjen in paa. Det er vist ikki umogelegt, at han kunde hava bannat paa dette, endaa det er no so som so at banna paa nokot, som løyner seg bak, og det er vist heller ikki "parliamentarisk" at dundra paa med Eidar. Broch, som havde voret med i Militærkommissionen spurde braadt, om han havde Baktankar? og Lensmann Bjørnson, som og havde voret med der, trudde heller ikki der havde voret slike Tankar; men desse Menn kunde ikki svara for andre Folk en sjølve seg. Hærstyret kunde likso gjerne tenkja bak som fram, for det seer ut til at hava Tankar paa mange Maatar, det. Publicum vil faa alle desse Taler i dei store Dagblad og det verdt Mat for Mons. Dølen maa nøgja seg med at taka det til Text for sin Prædiken, som i slike Ting bør vera i ein moralsk Tone med Bøn for den gode Thingsmaken og del veike Aander i Folket, som ikki tola Skjemt i ei slik Aalvorssak.

Dølen er ellers ikki mætare Karen, en at han likar Banning til Tid og Stad, for han har merkt seg at Hesten dreg betre, naar Kjøyraren bannar. Det er liksom Musik; og del fleste kjenna vist Historien om Tordenskjold, som ikki fekk sine Matroser til at gjera sine Handgrip og Fotslag so radt, daa han laut lata vera at dundra og banna, for Kongen var ombord.

Han er heller ikki mætare en at han likar naturlege Utbrot i Thinget, om so desse imillom kunde vera nokot grove. Han vil hava Mannen naturleg, om der so ender og daa skulde koma ein liten Snev af Raasmak. Det er betre det, naar vondt skal vera, en at hava det so fælande fint, at det verdt unaturlegt. Han er, som Folk veit, national, og til det høyrer der af og til eit Slag i Bordet og ein liten Snipp av Skinnfellen.

 


Dølen IV nr. 29, 15. april 1866. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad