1868

(Dikt, 1869)

Av Aasmund O. Vinje

Eg altid er i Hugen saar,
naar eg ved Aarsens Skifte staar.
−Det gjekk og gjekk −
So atter eg tillaans eit Aar
af Livet fekk!
 
Den Gjeld eg veit bitalas maa,
men endaa er det stort at faa
eit Aar paa Borg.
Og derfor døyr eg her ifraa
forutan Sorg.
 
Af sjølve deg du inkje var;
so d'er 'ki værdt at vera Kar
med store Krav.
Takk derfor Gud for det du har,
som alt han gav.
 

Dølen V. No. 40. 3. Januar 1869. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad