Atende til Antiken

(Dikt, 1868)

Av Aasmund O. Vinje

Aa, eg verdt trøytt af det kunstige Liv og lengtar atende
til dette greide og elskande, eg i Ungdomen kjende.
Med denne Kunst verdt det kunstigt og leidt, med alle dei Krokar.
Vondt er at vinda den Hespilen greid, med alle dei Flokar.
Venus skal vera, som fordum ho var, det Kvende so fine,
ikke med Chignon og Shawl og med Slæp el' stor Crinoline.
Magt liksom Mod eg i Mannen vil sjaa fraa Hovud til Hasen,
ikke ein "Fyr" med "Munderingen" paa og all denne Stasen.
Lærdom hev' alt som er fagert og stort, ei fintklædde Fanten.
Aa, lat meg sjaa det Vaarherre hev gjort og ei Fabrikanten!
Alt dette Nye i Tale som Kunst i Knoting skal klinga.
Tanken verdt klædd liksom Mannen i Stein med Ordner paa Bringa.
Shakspeare og Gøthe kan Tankane snu og leikande vende,
men til Homer og til Edda maa du paa Slutten atende.
Der og i Soga og Eventyr maa du atter deg finna,
naar i Romaner deg sjølv du hev' gløymt og leset deg sinnad.
Langhalm dei treska: d'er knasande turt baad' Elsken og Hatet.
Hjartelag turkar og Tanken kjem burt med alt dette Pratet.
Truskap er det eg af Livet vil faa, og Folk vil eg finne.
Gjev meg eit Menneske, lat meg det sjaa baad' ute og inne!
Det er i eit som i annat, maa tru, at Sanninge vinner.
Om til di Vogga du atter maa snu, før Livet du finner.
Stødt desse Ord maa du minnas som Mann - dei skrivne er slike:
"Verdt du ei atter eit Barn, du ei kan faa erva Guds Rike."


Dølen 31. mai 1868. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad