Den verste Tru

(Dikt, 1859)

Seg sjølv i alt at lita paa
er verste Tru, som finnst:
Dei beste tankar tidt vi faa
af deim vi trudde mindst.

Den Manna-Munen liten er
blandt Folk med Folkevit:
Ein Auga for det grøne fær,
og Ein for annan Lit.

Den Mann, som trur han alting kann
og veit det beste sjølv,
og ikki trur ein annan Mann,
den Mann er ingen Døl.

 


Tekst: A.O. Vinje - Dølen 28.august 1859. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad