Det er ikki værdt at syrgja

(Dikt, 1861)

Um store Menn dei falla fraa,
som Gras um Vaar me nye faa.
Den eine Mann er tidt ein Tolk,
men Tanken eig' det heile Folk.
Er Tanken god, han liver daa,
for det um Mannen døyr ifraa.
Og kjem for det han burt eit Bil,
han betre atter koma vil.
Som Verdi gjekk, fyrr me kom til,
so etter os ho ganga vil.
Den største Mann, det stolte Syn,
mot Folkets Sol er som eit Lyn;
naar der er myrkt, det lyser bjart,
men blinkar burt, og alt er −svart.
 

Tekst: A.O. Vinje - Frå Skrifter i Samling. Band V. Oslo: Det Norske Samlaget 1993. Først prenta i Ferdaminni og Diktsamling 1861. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad