Du gamle mor, du sliter arm

(Dikt, 1860)

Av Aasmund O. Vinje

Du gamle mor! du sliter arm,
so sveitten er som blod,
men endå i ditt hjarta varm.
Og du meg gav min sterke arm
og dette ville mod.

Du turka tåror av mi kinn
so mang ein Herrens gong,
og kyste meg som guten din,
og bles meg uti barmen inn
min sigerfulle song.

Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke hjarterot,
og difor må eg elska deg,
kvarhelst eg vankar på min veg,
om so på villan fot.
 


Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva, 2. opplaget 1991. Tekst A.O. Vinje - Første gong prenta i Dølen 9.12.1860. Melodi: Edvard Grieg.
Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum