Fedraminne

(Dikt, 1868)

Av Aasmund O. Vinje

At Fa'r min kunde gjera
det Gilde han hev' gjort,
og fram i Livet bera
somyket Gjævt og Stort,
det var fraa Dag til annen
for meg so god ei Stødd:
Stor Arv det er for Mannen,
af Godtfolk vera fødd.
 
Slik Kar var aldri funnen,
solangt som Soga veit.
Og Ordet flaug fraa Munnen
so godt, som Sverdet beit.
Du høyrd'n aldri mala
i Klynk om sine Kaar.
Den Guten kunde tala
med Skjemt om sine Saar.
 
Han Fransmann lærde fikta
og finna Riddar-Værd,
og Engelsmannen dikta
og hava Sjøen kjær.
Og fremst han stod i Lina,
og rett han stelte den.
Fraa Skotland til Messina
han skapte Styresmenn.
 
Min store Fader døydde.
− Sjaa det me Alle maa −
Og Arven burt dei øydde.
Men somt eg att' kan faa.
Her gjeng eg stundom sliten,
og leitar etter Ord!
Kanske eg er so liten,
for det han var so stor?
 
Men, Graset gror paa Bøen,
og Korn paa gamal Vis,
og enno gamle Sjøen
er like fri for Is.
Vaar' Fjell er like haage,
og Lufti like blaa.
So enno like fjaage
me fram kan stevna paa.
 

Tekst: A.O. Vinje - Frå Dølen VI. No. 1. 2.2.1868, første gong på prent. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad. Sjå også nyare versjon av diktet frå 1987 med tittelen   "At far min kunne gjera".