Gamle Moder

(Dikt, 1860)

Av Aasmund O. Vinje

Du gamle Mor! du sliter arm,
so Sveitten er som Blod,
men endaa i dit Hjarta varm.
Og du meg gav min sterke Arm
og dette ville Mod.

Du turkad' Taarir af mit Kinn
somangei Herrens Gong,
og kyste meg som Guten din
og bles meg uti Barmen inn
mi sigerfule Song.

Og gamle du, du gav til meg
mi mjuke Hjarterot,
og derfor maa eg elska deg,
korhelst eg vankar paa min Veg,
um so paa villan Fot.

 


Dølen II. No. 34. 9 December 1860. og Diktsamling. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad