Kunnskap skal styra Riki og Land

(Dikt, 1859)

Av Aasmund O. Vinje

Kunnskap skal styra Riki og Land,
og Yrkje skal Baaten bera,
og Ingen maa vera ein Styrismann,
som ikki ein Mann kan vera.
 
Vaar Jord skal odlast og dyrkast paa
af sterke og harde Hændar,
so Gutar kan Føda og Klædi faa
og vexa til sterke Mennar.
 
All Æra maa liggja i ærlegt Stræv
og beda i Sannings Tempel,
og den, som af Gud fekk sit Adelsbrev,
han treng 'ki til Kongens Stempet.
 
 

Dølen 1. No. 24. 3. April 1859. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad