Naar ikki lenger du elska kann

(Dikt, 1859)

Av Aasmund O. Vinje

Det fyrste du hever at gjera Mann,
det er at døy,
naar ikki lenger du elska kann
den fagre Møy.
 
For daa er det ute med spræke Gut
og Mannens Værd,
for daa er Livet alt brunnit ut,
det Oske er.
 
Og derfor stødt som det beste galdt
eit Hjartelag.
Og derfor Mannen han elskar alt
til Døydan-Dag.
Og liver Nokon, som ikki Liv
af Kjærleik saug,
daa gjeng han atter og sviv og driv
som bleike Draug.


Første gong prenta i Dølen I. No. 48. 18.9.1859. Tittelen er sett til i Skrifter i Utval, Det norske Samlaget 1886. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad