Storegut vert atterfunnen

(Dikt, 1920)

Av Aasmund O. Vinje

Um nokre år der und' ein stein
der fann dei Storegutens bein.
Der uppe i den store urd,
der låg dei innanfor ein mur,
som lik på strå i heimebur,
vel skavne av, men utan mein.

Eg måtte, um eg gamal var,
deim henta, eg som var hans far.
Eg måtte slita tyngste mun
og få mi siste livsens von,
dei beini av min store son,
til kristna jord i kyrkjegard.

Eg syntest siga ned i jord,
for augom svarte skuggar fór,
der yver fjellet, som eg gjekk
med son mins bein på rygg i sekk.
Og sumt eg tenkte då, eg fekk
sett ut i song med desse ord:

Eg stend sum på roti eit turka tre,
når det er kvista og karta;
so flekkjer det borken og rotnar ned
og ligg der soppa og svarta;
so gjeng det i mold som ein morken ved.

Ja dei som eg elska, dei døydde av,
den eine etter den annan.
Han gleda tok atter som gleda gav.
Men underleg er for mannen
å ganga som eg på si eigi grav.

For sonelaus mann er einsamt og audt,
der vonlaus han gjeng og veiknar.
Alt ligg her ikringum meg svart og snaudt.
For blikrande blad eg bleiknar.
Eg fæler eit liv som for meg er daudt.

Og soli er kald og månen er varm.
- Dei strålane ei meg høva. -
Framfyre meg ser eg min likferdskarm,
og gamle minne meg kjøva,
og staven ei styrkjer min gamle arm.

I minste strået eg snåvar i koll,
so valne er føtene mine.
Og tanken flyt burt som vatten i såld,
den eine og alle hine.
Og maten i munnen vert som til mold.

So ber eg på son min med skjelv i kne
og dimmande auga tårut.
So firar i gravi eg beini ned,
og leser so Fadervåret.
So kjem eg snart etter i Herrens fred.

 


Frå Lars Eskeland og Severin Eskeland: Lesebok for ungdomsskulen. Kristiania: Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad