Til Vestmannalaget

(Dikt, 1869)

Av Aasmund Olavsson Vinje 

 

Sungen i Laget paa 2dre November 1869.
Tone: I Rosenlund o. s. v.

 

Tak mot mi Helsning, du Vestmannalag!
Til eit me fram vilja vinna.
Og tru, det var meg ein Fagnadag
no her at kunna deg finna.
Eg mot deg kjende stødt eit Drag:
Det er 'kje mange slike.
Og d'er med meg som annat Slag,
at Like føler Like.

 

Eit Hjartelag og den gode Tru,
det er 'kje alle Mann givet.
Men upp eg lærde meg liksom du
og sleit meg fram gjenom Livet.
Det Strævet er, som mogna kan.
Det Motgang er, som tenker.
Og derfor sa' hin vise Mann:
"Eg kysser mine Lænker."

 

Den Mann, som Vaapen imot oss bar,
som eg og du var han fegen;
for eigen Daarskap det tidast var,
som stod os vrangast i Vegen.
Han kvad som me til Landets Pris,
om dauv paa eine Øyra:
Me dyrka Gud paa kvar vaar Vis
og han vil alle høyra.

 

Aa ja, me "stræva" so godt me kan,
at Norge up seg skal yngja.
Han kjem snart etter den andre Mann,
og skal paa "Maalet" nok syngja.
Det berre Spursmaal er um Tid,
og Dagen nok verdt funnen.
Og derfor er med all den Strid
det Skjemtarverk i Grunnen.  


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. I. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad