Tyteberet

(Dikt, 1859)

Av Aasmund O. Vinje

Tyteberet uppaa Tuva
vox utaf ei liti Von.
Skogjen med si grøne Huva
fostrar mangein raudleitt Son.

Eingong seint om Hausten lagde
liten Svein til Ber-Skogs ut:
"Raudt eg lyser," Beret sagde,
"kom aat meg, du vesle Gut.

Her ifraa du maa meg taka:
mogjet Ber er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaladrykkjen af mit Blod.

Mognar du, so vil du beda
just den sama Bøn som eg.
Mogjen Mann det mest maa gleda,
burt for Folk at gjeva seg.

 


Dølen 17. april 1859. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad