Vaaren

(Dikt, 1864)

Av Aasmund O. Vinje

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma;
Heggen med Tre, som der Blomar var paa, eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med Blomar;
enno eg høyrde at Vaarfuglen song mot Sol og mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg høyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk, der Plogen dei kjøyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm paa Lufti og Engi;
Jordi at sjaa som med lengtande Barm at sukka i Sængi,
Vaarsky at leika der til og ifraa, og Skybankar krulla,
so ut av Banken tok Tora til slaa og kralla og rulla.
Saagiddren endaa meg unntes at sjaa paa Vaarbakken dansa,
Fivreld at floksa og fjuka ifraa, der Blomar seg kransa.
Alt dette Vaarliv eg atter fekk sjaa, som sidan eg miste.
Men eg er tungsam og spyrja meg maa: tru det er det siste?
Lat det so vera: Eg myket af Vænt i Livet fekk njota.
Meire eg fekk, enn eg havde fortent, og Alting maa trjota.
Eingong eg sjølv i den vaarlige Eim, som mettar mit Auga,
eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga.
Alt det, som Vaaren imøte meg bar, og Blomen eg plukkad',
Federnes Aander eg trudde det var, som dansad' og sukkad'.
Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar i Vaaren ei Gaata;
derfor det Ljod i den Fløyta, eg skar, meg tyktest at graata.


Frå Diktsamling. Christiania. I Commission hos J.W. Cappelen, 1864. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad. Første gong prenta i Dølen II. No. 33. 3.6.1860.