Den forskapte byen

(Lesestykke, 1901)

Av Werner Werenskiold
 
(Or «Salomons laas», forteljing i telemaal, emna fraa «Tusund og ei nott»)
 
-         Aanden tok no ti tenjast ut i skodde som fyrr, og eimen la seg vi-sveimt yvi land og sjø og sol. Drog seg so smaaningom ner i kaggjen, tess inkje meir var skoande av honom, og ropa upp ti fiskaren:

«No, din vantruing, hev du endeleg fengji vissmon?» 

«Ja, fulla hev eg so,» svara fiskaren, og nøytte seg, de beste han kunne, ti faa slegji lokji attfyri og læse konna me blylaasen. Daa han ha fullgjort detti, var han so gla at han gjore eit rundkast yvi jønnkaggjen, og log so de oma i jønni. Han lutte seg deretti ne ti lokji og ropa:

«No, din illbyste! hev eg fanga deg, og ut sko du paa sjøen, der som djupast er. Og du tar inkji vone at eg sko gløyme aa fortelja alle mine kjenningar hott du er for ein selle, um einkvan skylle vera uheppen nok ti fiske slik ein utangje, som hev utykt seg me kong Salomon og are heilage prestar og profetar, og attaat vil eta upp alle dei som han fær tekkjen av, fyste han kjem upp paa landjori.»

Og so log han aat alven, og dengde konna, og log paa nytt lag. Han tottest alli hava vori me ti slikt asløgje som daa han fekk honom unde lokji og gaadde hossi aanden naukra seg ti sprengje laasen. De var faafengt alt de han stræva, for runinne var honom for sterke, og han syntest sistpaa bynja orvonast. Han laag no kvar, og gav seg ti nautigge fiskaren um friheiti og lova honom alt som gott var. Men fiskaren var inkji minste tilvik ti gange ut paa haal-isen aa nyo, og gav bare haaings-or. Han ville alli meir vera vaaverkjen ti sleppe laus eit slikt ovargasdyr, sa han, og de kunne inkji vera røande um aa koma annastaen av hell i sjøen som fyrr. Daa han ei stund ha tala slikt og di-likt, laga han seg ti velte konna upp i baaten sin og ro ut paa sjøen ti sekkje hena ne. Daa sa aanden:

«Fiskar! eg sver deg ti ve kongjen og herren i himilen, at eg vil leta deg gange unagga og uneist, og gjera deg ti ein ovrik mann, naar du lèt upp fyr meg. Du veit at mi aandanne alli tor brjote ein sovoren ei, so sant mi inkji vil fanast burt i fjom og reka um paa himilshøgdinne som ein skodde-verbrand og maaneskræme me ris og sveiv, ti alt holli okkons er grott ut i are vokstrar og liv, som kann semjast i truskap me heimsens lagels.»

Fiskaren klo seg fyrstundes bak øyrai, og tvila paa hott de var klokaste fyr honom ti gjera. Han var fulla inkji viare huga paa koma i kast me alven; men de var heller inkji ti slaa fraa seg frelsarløni fyr ein som ha de so fatikt og armosamt som han.

«Naar de stend so,» svara han aanden, «so lyt eg leta upp fyr deg likevel daa.»

Han sette konna ne paa jori, læste upp, tok lokji av, og saag hossi eimen gauv ut, og etti eit lite bil sto aanden are gongjen ljoslivandes fyri honom og takka. De fyste han gjore var aa kaste konna langt ut paa sjøen, de lengste han orka. Og inkji var de undrande paa de, me di de buri ha daa gjort honom sut og sorg nok i livedaganne hans. Men fiskaren tenkte inkji so, og mulla um at han ha tenkt seg ti sjav hava den jønnkaggjen og selja honom, me di han inkji ha anna havang av heile dagsverkji sitt hell sunnrivne garn og den vesle stygge blylaasen. Men aanden log og ba honom fygje seg, so skylle han faa like baa fyr fraagang og umannsfær: Fiskaren gjore som han var tihalden, og dei kom framum den store byen upp paa eit høgt fjell. So bar de yvi ei hei langt fraa aalmannvegjen og ne ti eit kverve me ei tjønn i miden, firkanta og paa alle siunne inneringa me haugar, ein haug paa kvor sie. Der stana dei. Fiskaren stira ner i tjønni og undra seg yvi djupleiken, me di vatne var so klaart at han kunne skoa lukt ti botns; men enno meir laut han bisne, daa han ne-paa botn gaadde ein gild by me hus og murar og tempel og taarn. I gatunne svam ei uhorveleg mengd fisk ikring paa alle kantar, og dei urde inn og ut igjenom vindaugur og dynnar, og tèdde seg nett som var dei den ne-sekkte byens rettkomne bufolk. Fiskaren gav aug attegaum paa at de var fire einskilte litir paa fiskanne, me di nokle var snø-kvite, nokle raue, nokle blaae, og dei are gule.

Daa han hadde samla seg litevetta, sa gasten ti honom: 

Kast garni ut heran, men bare ein einaste gong kvor dag; annast vil de ende ilt ille deg. Dagstøtt kjem de ti gange in i garni fire fiskar, ein av kvor lit, og den draatten sko du bera fram fyri keisaren, hell sultanen, som di kallar honom i detti landi, so fær du fleire pengar hell du hev skoa i all di ti.»

Trast han hadde tala ut, so trampa han i jori; ho kløyvde seg, og alven kvarv burt.

[Notar:]
tenja: spana, strekkja ut.
ei konne: ei kanna.
selle: kar, fyr.
utykkje seg me einkvan: forspilla hans godvilje.
tekk: lukt, vêr.
asløgje: ustyrleg moro.
bynja (byrja) orvonast: taka til aa missa voni.
vaaverkjen: forvaaga.
unagga og uneist: uskadd og ukrenkt.
ein sovoren ei: ein slik eid.
fanast burt i fjom: tynnast, spreidast ut til dusn" (støv).
verbrand: meteor.
alt holli (holdet) okkons: alt vaart kjøt.
havang: gagn, vinning.
fraagang: tap.
umannsfær (umennsferd): armodsferd, saknad.
kverve: ei grend med berg eller aasar ikring paa alle kantar.
dynnar: dører.
aug = au, og(so).
kverve burt: fara eller minka burt (forsvinde).
-          

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad