Taterfolke

(Lesestykke, 1871)

Av Werner Werenskjold
 
De er no ikring halvfemte hundra aar sea, at de lægra seg utafyr Hamborg eit slag aasgarrei paa tri hundra mann, kvende og baan, svartdæmde og koløygde, blilaatne og kringmælte, me hestar og vaapn, og nokre hurrabasar, som var uthyrte me gullstas og mangleta fjør og kalla seg hertugar hell greivar. Dei visste raa fyr allt, lova lækjarvon aat folk og fe, kunne spaa og trolle, men framum allt lika dei aa byte hestar. Dette gjekk nokso gjillt i fystningi, men Hamborgaranne fekk snart vismon paa, at dei var komne ut fyr dei ramaste tjovar, som Tyskland hadde set, og dei fekk sitt arme stræv me aa faa dei ut av grendi si att. Ei anna stor horg møtte ve sama aarstale og me sama høgfæri fram utfyr byen Constants i Sveits, der den tysk-romarske kjeisaren Sigismund heldt stort kjyrkjestevne til ymis rettarbot i kjyrkjestyre. Fyr honom lae dei ut um, at dei var ægyptiske pilegrimar, som maatte røme fraa faerslande sitt fyr stortyrken, og at dei hadde fengi tilhold av biskopanne sine um aa gjeva seg ut paa vivank til utsoning av ei ætteskuld fraa fedrannes synder. Den sama hildringi fylgde dei fystundes her som ve Hamborg og Paris og Rom og andrestaen, som dei vitja. Desse svarte og glimandes langfantanne me si blenkjandes og gjiljandes augnefær, me lettvinnt aa dansandes fotefær, me leikandes og mangorig tunge, og me si runing og si forfaring i all den banlyste visdomen, som hin mannsalderen baa trudde paa og snaka etter, og dette drag av noko fornemt, som er me allt fritt, um de er aldri so villt, og so allt dette svav um ei heilag og storviljug sælebotsgaang, allt detta hadde noko vekjømelegt me seg. Paven og kjeisaren totte, at desse sellanne bar korse sitt so grepa gott, at ein maatte baa vaarkunne og rose dei, og paven gav dei avløysing i boti deires, og kjeisaren gav fribrev gjenom laandi sine. Men de drygde inkje retteleg lengje, fyrr folk gaadde, kaa slag botfæruge dettane var, og so kom de ut de eine kongsbreve etter de andre imot desse østerlendske heiinganne hell Tartaranne, som dei vart kalla etter eit anna vantru herjingsfolk. Men endaa dei vart jaga mest som ville dyr, var de inkje sjelda, at dei fann vegen baa til riddarborg og kongsgar me sine spaadomar og mytekunster. 

De er dette folke, som her i lande krintar bygdimillom som skibindarar, koparslagarar og dilikt, og jamnaste vert kalla fantar hell farkar. Sjølv kallar dei seg i maale sitt Rommanisæl, til aa skjilje seg ut ifraa ymse andre ranglelag, som vani mest reka um i fjorbygdenne paa vestlande. For desse er inkje ætta fraa noko serskilt folkerot, endaa dei hev gjort seg upp eit slag mytemaal sinimillom. Men dei er grodd upp av frearløysa og den ævelege trætta millom brot og bot, og dei er soso kanhende eit vitnesmaal um, at de er ei kjensel av noko sannt i den gamle tatersoga um ei soningsskuld.

De heve tildags vori raalaust me aa finne attende til den rette gamle heimbygdi aat dei ægte Tataranne hell storvandringanne, som dei au kallar seg. Folk trudde, som sagt, i lang ti, at dei var ætta fraa Ægypten, som dei ora um sjølve. Og de er likeins sannkjennt, at dei likjest ægyptarfolke i anletsdrag. Andre heve funni ut, at dei lyt hava heimlande sitt i Ostindien, av di at so mange or svipar paa de gamle indiske sanskritmaale. Men enno finst de inkje fullgo vismon i denne ugreia.

Til Sverig kom tatranne ikring femtanhundratale hell hundra aar etter at dei fyste gaangi hadde synt seg i Tyskland. De er daa lett aa gjisse, at de inkje drygde lenge, fyrr dei vitja vaare bygder. Her som ellest i Europa vart dei snart frearlause og landlyste, og Kristian den 5tes norske lov og ymse andre kongsbrev etteraat tok hart nok i mot disse »tatere og andre ukristne personer, som omløbe og besvige folk.« I 1757 kom de ut eit paalegg til amtmennene um aa halde bygdejag etter dei me futar og lensmenner og offiserar me so mykje »munderet mandskab, som fornødent gjøres.« De var jamvel so tileg som 1589 komi ut kongsbrev um, at bøndanne skulde sanke dei upp og handfli dei til futen, som skulde avlive høvdsmennene deires og drive dei andre ut. Men vaaga dei seg til aa koma paa bygdi aanyo, so skulde de gange same vegen som me føraranne deires. Endaa meir harhendt for dei fram imot dette raklefolk i utlaandi. Den tyske kjeisaren Karl den 6te slo upp lysingar bygdikring, at kvar mann hadde rett til aa slaa ihel alle dei tatrar, han raaka paa, og de var sett livsstraff fyr aa laane dei hus.

De er sjølvsagt, at i eit land som vaart var de i gamle dagar lett fyr taterfolke aa gjøyme seg burt i skog og hei. Mang ei gaang heve bygdefolke vaart høgt upp i ei li seet røyken av ein nying og gjissa paa frearlause og røvarar. Og inkje so ulikt var de. For de var i gamle dagar tiom folkekjømt nok av fantefylgje i øyemarki vaar. Naar dei daa skulde faure seg av gjenom bygdi, so kløyvde fylgje seg og hadde sine merkje paa vegenne til aathugande fyr kvarannan, um kor dei hadde teki kosen sin. Eit slikt merkje brukar dei den dag i dag baa her og i andre land. Paa ein krossveg kan ein stundom sjaa tri grankvistar, helst me ein smaastcin paa kvar kvist, paa høgre sia av den eine vegen. Dette er daa eit merkje fyr kjenninganne deires, at de er der, dei heve fari.

De er trulegt, at fantefolke heve gjort seg stor nytte av trui paa haugafolk. De er inkje undrande paa, at ein og annan kunna koma til aa taka ei fente, som i ei braavending synte seg paa jore hans, fyr ei »underjordisk«, helst naar ho som vanleg vart usynleg att uta reka landevegen ifraa. Naar ein les um eit mangorigt og kringmælt haugakvendfolk, og naar ein gjev gaum paa, koss mangvori samkvæme de var millom bygdefolke og eit mytefolk, som var trudd aa vera haugafolk, so kann ein inkje bara seg fyr aa undre paa, um inkje tatranne her heve daara aalmugen paa sama visi, som dei fystundes daara kongar og dronningar og prestar. Og de var ve aa gjeva seg liksom ærend og pas ifraa den andre heimen. Og likso naar ein høyrer, at folk somti trudde seg skuldige til aa røme unda i jolehelgi fyr aa huse aasgarreii, og so denna kom staakandes me hestar og bjellur og bikkjur og fentur, so likjest de meir uskjikkelegt kjøt og blo enn gastar og skrømt.

Tatranne handsamar folks tru og deires ovtru like gott. Liksom dei sinimillom brukar maale sitt me sine serskilte navn paa alle ting, men laaner grammatiken og alle endinganne fraa vertsfolke sitt, paa sama visi hermar dei etter alle slag religion og preikar fullt so gott som mang ein prest. De heve no vori freista i mange aar paa aa folke paa fantanne. 

De er inkje tvilande paa, at dette itake heve baa framgaang og velsignels me seg, og de er kanskje difyr ein go ting, at tatranne her i lande inkje heve hevda taterbloe sitt reint no i siste mannsalderen. For den rette taternaturen er inkje go aa brigde. Smaabaan hev vorti teki til fostring hjaa bygdefolk, men naar dei hev voksi til, heve den gamle likningi synt seg aa vera sann, at dei likjest graagaasunganne, som au lyt fylgje drifti si, naar de tek liksom til aa ro i vengjunne deires. Taterfolke vil truleg i mannsaldranne frametter svive landlaust landimillom som fyrr, stolandes seg paa sine rappe føter og sin rappe munn. De bliv, liksom ho sae, hi tatermoeri, som Sundt fortel um: »Gud hev inkje gjevi meg jor aa arbeie paa, so maa eg arbeie me munnen til aa faa mat aat baani mine.« 
 
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson, Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.